Hopp til innhold

Felles legevakt i fare

Fjaler-ordførar utelukkar ikkje at avtalen om felles legevakt kan bli sagt opp om kommunen misser ambulansen.

Hos legen

Legevaktsamarbeidet kan stå i fare.

Foto: Colourbox

I føremiddag presenterer Helse Førde ei omfattande kuttliste. Og innsparingar i ambulansetenesta kan fører til at ambulansen forsvinn frå Aurland, Jølster og anten Lavik eller Fjaler.

DEBATTER AMBULANSEKUTTA HER

Ordførarane i Fjaler og Jølster utelukkar ikkje at det kan få konsekvensar for legevaktsamarbeidet.

Må tenkje seg om ein gang til

I dag er ambulansen i Fjaler stasjonert i kommunesenteret Dale. Om denne forsvinn vil responstida ifølgje ordførar Arve Helle truleg bli opp mot 40 minutt. Han seier det betyr eit kraftig tilbakesteg for tilbodet, noko dei ikkje vil finne seg i. Han trur kutt i ambulansetenesta kan setje heile legevaktsamarbeidet i fare.

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune.

Ordførar i Fjaler, Arve Helle.

Foto: Privat

- Kutt i ambulansetenesta kan medføre at dei kommunane som vert ramma må tenkje seg om ein gang til i forhold til å gå inn for legevaktsamarbeid.

Legevaktsamarbeidet er ei felles legevaktordning som er gjeld for ni kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord. I praksis inneber det at ein lege som sit i Førde har ansvar for 33.000 innbyggjarar frå legekontora i kommunane stengjer om ettermiddagen og i helgene. Ordninga skal starte opp 1. april.

Svekka tillit

Også i Jølster trur ordførar Gerd Dvergsdal at dei varsla kutta i ambulansetenesta kan få følgjer for legevaktsamarbeidet. Ho synst det er synd at forslaget kjem på tampen av eit aktivt arbeid med å få til legevaktsamarbeidet.

- Folk opplever ambulansetenesta som ein nærteneste og ein garanti for tryggleiken. Om ambulansen i Skei forsvinn vil det utan tvil svekke tilliten til legevaktsamarbeidet.

Gerd Dvergsdal

Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal.

Foto: NRK

Jølster har allereie gått inn for legevaktsamarbeidet men Dvergsdal vil ikkje seie noko sikkert om det vert aktuelt å endre meining på kommunestyremøtet i morgon.

- At dette er eit problemstilling som vil dukke er rimeleg å tru, seier Dvergsdal.

Kan kome til å seie opp avtalen

I Fjaler skal selskapsavtalen for legevaktsamarbeidet formelt avgjerast i kommunestyret i føremiddag. Kommunen har allereie fatta eit positiv vedtak for legevaktsamarbeid, men med endra føresetnadar kan vedtaket no stå for fall.

- Argumentasjonen til forkjemparane for ordninga og som eg og har stått for er nettopp at vi har ein god akuttberedskap. Men no vert denne fjerna og då må nokon på eit eller anna tidspunkt seie stopp, seier ordførar Arve Helle.

Fjaler-ordføraren seier ein avgjerandre føresetnad for å gå inn for samarbeidet var at akuttberedskapen skulle vere slik den er i dag.

- Med endra føresetnadar utelukkar eg ikkje at vi kan kome til å seie opp avtalen, seier Helle.

- Men er det ikkje for seint å skrinlegge heile legevaktsamarbeidet som skal starte opp 1. april?

- Nei, etter mi meining er det ikkje det når ein på så kort varsel endrar føresetnadane for kvifor vi gjekk inn for ordninga.

Nytt budsjett for 2009

Kutt i ambulansetenesta er berre eitt av fleire. I dag har Helse Førde presentert nytt budsjett for 2009. Frå før skal føretaket spare inn vel 65 millionar kroner, men i dag vart det lagt fram ei liste på kutt på vel 35 millioner kroner. Kutta får mellom anna følgjer både for aktiviteten på Lærdal og Nordfjordeid lokalsjukehus.