Kan bli bjørnejakt

- Det kan bli gjeve fellingsløyve på bjørnen i dag, meiner fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
Publisert 28.06.2006 08:59. Oppdatert 28.06.2006 10:54.
- Skriv ut
- Vi vurderar situasjonen fortløpande, og tek med i vurderinga at vi no har skader på sau, i eit sauetett område. Dette området har òg problem med jerv, og ein del gaupe. Så, vi kan ikkje tåle mykje tap her, før vi gjev fellingsløyve.
Fellingsløyve på dagen
Det nye sauekadaveret er funne i det same beitområdet der det før helga vart funne eit anna sauekadver som også var drepe av bjørn. Det er også observert mykje bjørnespor i området, som ligg oppe i fjellet ved Hesjevoll i Jostedalen. I tillegg saknar saueeigaren fem andre søyer der lamma har komme heim igjen frå beite.
Fjelloppsynsmann Einar Fortun skal opp å sjå på kadaveret i dag, og fylkesmiljøvernsjewfen avventar rapporten frå han. Yndesdal seier det kan det bli gitt fellingsløyve på dagen om Fortun konstaterer at det er bjørnen som har herja igjen.
- Vi får svar frå Statens Naturoppsyn seinare i dag, så om det er i kveld, eller i morgon tidleg vi tek ei avgjerd på dette, kan eg ikkje seie noko om enno.
Førebur seg på jakt
Leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, seier bøndene no førebur seg på å starte jakt.
- Bjørnejakt er spesielt, og ikkje heilt ufarleg. Vi må difor ha jegarar som er trygge på det dei driv med, seier Bjørk.
Dersom det skulle bli aktuelt med bjørnejakt, håpar Bjørk dei kan starte på dagen.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket