Aksjonistar møtte Jens

- Det er viktig å gjere statsministeren kjend med det som kan bli ei stor miljøkatastrofe.
Publisert 20.03.2009 11:39. Oppdatert 20.03.2009 14:39.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det seier Anne Line Thingnes Førsund, som saman med eit 20-tals aksjonistar, demonstrerte utanfor Bringeland lufthamn då statsminister Jens Stoltenberg skulle fly frå Sunnfjord torsdag.
Aksjonistane overleverte eit skriv om rutiltuvinningsprosjektet til Nordic Mining, som aksjonistane meiner vil vere ei katastrofe for miljøet.
Sjå bilete frå demonstrasjonen i galleriet til venstre.
20 aksjonistar og mykje politi
Sikkerheitstiltaka var sett inn for fullt. For politiet hadde fått tips om demonstrasjonar, og rykka ut mannsterke.
Statsministeren har vore på besøk i fylket, og det ville eit 20-tals aksjonistar frå Vevring i Naustdal utnytte, fortel Anne Line Thingnes Førsund, som tek leiinga.
For aksjonistane vil alliere seg med statsministeren sjølv, for å stoppe planane selskapet Nordic Mining har i Engebøfjellet i Naustdal.
- Det som er viktig er at vi får saka på statsministeren sitt kontor, seier ho.
Sjå óg - Statsministeren kom for seint
Sjå óg Jens song for Jenny
Sjå óg Tok for seg Jens
Rutil
- Eit mineral som er kjemisk samansatt av titan og oksygen.
- Norges største rutilførekomst finns i Engebøfjellet i Førdefjorden. Minst 380 millionar tonn malm eller 15 millionar tonn rein rutil finns der.
- Rutil brukast til å framstille rein titandioksid, TiO2, som er eit kvitt pulver.
- Blir brukt som kvitt fargepigment i alt frå maling til iskrem, og framstilling av elektrodar til sveiseapparat.
Kjelde: Wikipedia
Verdas største rutilførekomst
For i Engebøfjellet ligg verdas største kjende førekomst av mineralet rutil, og Nordic Mining ønskjer å starte ei drift i Vevring, der dei ser for seg omsetning i milliardklassen. Dette splittar bygda, og innbyggjarane har protestert ved fleire høve.
- Det er ein einsidig industri som vil pågå i kanskje 40 år, og i mellomtida vil den fortrenge all anna næring, seier Thingnes Førsund.
Og etter 40 år vil rutilen ta slutt, meiner ho. Då vil det ikkje vere noko att i Vevring.
- Det vil ikkje vere noko anna enn eit stort hol i eit fjell og ein øydelagt fjord. Slik skal vi ikkje ha det.
Hektiske minutt i lag med ministeren
Aksjonistane venta lenge på statsministeren, og då han endeleg kom fekk dei nokre hektiske minutt i lag med han. Men Jens, som han presenterte seg som, lytta til det aksjonistane hadde å seie.
Høyr møtet mellom aksjonistar i alle aldrar og statsministeren.
- Eg kan dessverre ikkje så mykje om saka. Men eg skal setje meg inn i den, sa han.
Les
Gruvedrift i Vevring
- Gav Giske fiskepudding utan rutil
- Varslar fastlenking og aksjonar
- Havforskingsinstituttet med funn
- Engebøfjellet blir ein prøvestein
- Solheim møtt av demonstrantar
- Møter ministeren med demonstrasjon
- Vil bryte lova for Engebøfjellet
- Bygda som splittar regjeringa
- Rysta over haldning til fjorddeponi
- Set sitt politiske liv på spel
- Krev gruvevedtaket granska

Demonstrantar møtte Jens Stoltenberg
Statsministeren på Fundo
Fekk statsministeren på besøk















Sol og sommar i fylket