26.05.2012

Nytt håp for Fundo

Dei siste felgane frå Fundo. (Foto: Cosmin Cosma/NRK)

Felgproduksjonen kan starte opp att i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Ein utanlandsk investor vurderer ny felgproduksjon i Høyanger.

Bergens Tidende skriv at ein utanlandsk investor er interessert i å satse på hybridfelgen, som er utvikla av Fundo i Høyanger.

Innovasjon Norge positive

- Vi snakkar om ein produksjon som kan gje rundt 150 arbeidsplassar, seier ordfører i Høyanger, Kjartan Longva, til avisa.

I følgje Longva er Innovasjon Norge orientert om kontakten, og har gjeve positive tilbakemeldingar.

Det statlige tiltaksorganet har pant i både hybridfelgen og fabrikken. Og Innovasjon Norge eig i praksis begge delar etter at Fundo måtte i skifteretten.

Longva seier han venter ei avklaring før påske.