Hopp til innhold

Tok for seg Jens

Statsministeren fekk høyre om det aller meste då han møtte lokalpolitikarar i dag.

Jens Stoltenberg

Statsminister Jens Stoltenberg i prat med Floraordførar Bente Frøyen Steindal og Ingrid Heggøe.

Foto: Egil Aardal

Stoltenberg besøkte i dag Florø og verftet STX Europe Florø. Men han fekk også med seg kva utfordringar kysten arbeider med.

Fronta kystveg

- Eg fortalde han om kva som var viktig for oss på kysten. Vi har ingen kystveg, og det gjer ingenting godt for utviklinga, seier ordføraren.

Ordføraren meiner Stoltenberg både var lydhøyr og forstod innspela.

- Eg trur han synest det er bra at vi er 11 kystordførarar som er samde om denne vegen, og at vi jobbar saman for å få den. Eg nemnde også 45-minuttsregionen der Svelgen også er med. Det er viktig å ta med Svelgen for der skjer det mykje bra.

Lokalsjukehusprat

Frøyen Steindal fekk også ein prat med statsministeren om at kommunane og helseforetaket bør bli betre på samhandling.

- Eg nemnde helsereformen og den nye samhandlingsreformen som kjem til sommaren. Det er trong for å styrkje samarbeidet. Eg meiner det er viktig at kommunane får meir ansvar.

Sjølv om besøket på verftet gjekk fort, fekk Frøyen Steindal også snakka om lokalsjukehusbygget i Florø.

- Vi håpar jo at med den nye samhandlingsreformen vil føre til at det vert ny aktivitet i bygget, og det sa eg til han, seier Frøyen Steindal.

God kjensle

Ordføraren er svært godt nøgd med møtet med den øvste sjefen i landet.

- Eg har ei god kjensle og meiner han er svært lydhøyr og får med seg kva som er viktig sjølv om møtet gjekk fort.

I tillegg vart krisepakkemidlane eit tema, der Frøyen Steindal kunne fortelje om at kommunen brukar 5 millionar kroner på opprusning av kommunale bygg. To millionar kroner vert brukt til vegsatsing.