Hopp til innhold

Nytt ras i Jølster

- Det kunne gått ille, seier Rune Årdal som kom inn i rasområdet eit halv minutt etter steinane kom.

Halv sju i dag tidleg gjekk det eit nytt ras på E39 mellom Ålhus og Bjørset i Jølster.

Ras i Jølster
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Vi kom i bil, og då såg vi røykskya. Det er ikkje noko særleg, seier Rune Årdal. Dette er tredje gong det rasar i området.

Ras i Jølster

Vegvesenet er på staden der raset gjekk.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Rasa før

Årdal fortel at steinane som rasa i dag kom ned like ved staden der det rasa sist gong i byrjinga av februar.

- Det er merkeleg at det kan rase på nøyaktig same plass på nøyaktig same tidspunkt. Det kunne gått ille om det ikkje hadde vore opplett.

No meiner han at vegvsenet må rydde skikkeleg opp, og finne ut av kvifor det kan rase fleire gonger gonger på same staden.

- Det er farleg å køyre der. Steinane rasa like ved staden vegvesenet nettopp har reinska fri for steinar. Vi kom akkurat dit i det raset gjekk. Og bussen var i området akkurat som sist, seier han.

Årdal seier det var fleire bilar i området då raset kom.

- Halv sju er det mange bilar på vegen.

- Vegvesenet er på veg til staden for å undersøkje området, seier Atle Osen i Vegvesenet.

Vegen open

Vegen er open for ferdsel .

- Trafikken går forbi, det er nokonlunde oversiktleg i området, seier Osen

- Dette er altså ikkje farleg?

- Jovisst, det er alltid farleg når det ligg stein i vegen.

- Likevel kan ein køyre forbi?

- Ja, vi har vi folk på veg dit.

Ras i Jølster
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vegvesenet på veg

Vegvesenet har spylt berget reint for steinar etter det førre raset som gjekk på same staden i byrjinga av februar.

Då vart eit 210 meter langt strekke bombardert av store steinar.

Steinras på E39 i Jølster mellom Bjorseth og Ålhus.

Vegvesenet har rydda etter raset i februar, men i dag tidleg rasa det på nytt.

Foto: unknown / NRK

Då sa bussjåfør Asle Hunskår i Firda billag at han var glad over at han og dei fem passasjerane slapp uskadd frå det då eit stort steinras landa i vegbana i Jølster.

- Stor nok til å ta liv

Ein stor stein som losna 400 m oppe i fjellsida. Steinen var så stor at ein måtte ha vore fleire for å flytta han. Mesta har no rydda vekk steinen frå vegen, men det er store merka i vegbana. Klokka 08.30 skal folk frå vegvesenet vurdere rasstaden.

- Ein reknar med at det er trygt å passere, sidan det berre er ein stor stein som ha falle ned i vegbana. Men steinen kunne ha gjort skade dersom han hadde truffe ein bil, han var stor nok til å ta liv, fortel NRK sin reporter på staden.