Hopp til innhold

Ski med vindkraft

Skisegling og kiting vert stadig meir populært. Ronny Finsås frå Bygstad lever av aktiviteten.

Ronny Finsås

Ronny Finsås frå Bygstad lever av kiting og skisegling.

I løpet av kort tid har både skisegling og kiting vorte veldig populært i Noreg. Ronny Finsås frå Bygstad lever i dag av å undervise i skisegling.

På slutten av 90-talet flytta han til Finse for å følgje draumen sin.

HØYR RADIOREPORTASJEN HER!

Skiseglingskurs

Ronny Finsås frå Bygstad står nede på det frosne vatnet på Finse og dreg opp eit blått skisegl. Han forklarer til den vesle gruppa som er samla rundt han korleis ein skal behandle seglet.

Kiten har lang line og flyg nærast som en drage oppe i lufta, medan skiseglet har kortare line og vert halden nærare kroppen. Med ski på beina kan farta komme opp i nærare 100 km i timen, dersom du er erfaren.

Finsås syner deltakarane korleis dei skal få opp seglet. Finsås sjølv kan rørslene i blinde. I over 10 år har skisegling vore ein del av livet hans.

Flytta til Finse

Finsås fortel at han prøvde skisegling for første gong då han var kokk på NM i skisegling i Tessingdalen i 1997. Der vart han tipsa om at han burde prøve skisegling på Finse.

- Eg tok ei veke ferie på Finse, og har vel eigentleg berre vorte verande her sidan.

Han byrja som kjøkkensjef på hotellet på Finse, og dreiv med segling som hobby. Men etter kvart har hobbyen teke over, og Ronny har blitt verande på Finse.

- Eg er vel litt einsam ulv. Å bu på Finse er ikkje for normale folk, seier Finsås.

Då han merka at folk var villige til å betale for å lære skisegling, vart hobbyen levevegen hans. Store delar av året er han ute på lengre turar.

- Kva er di største bragd?

- Bragd, og bragd. Kanskje å ha segla frå Finse til Geilo på ein time.

Grønland og Antarktis

I tillegg seglar han mykje på Grønland og i Antarktis, der han også guidar andre på turar.

- Eg har segla Grønland på kryss og tvers. Og i tillegg fire turar frå Sørpolen og ut til kysten.

Vatnet på Finse er no fullt av folk som seglar og kitar fram og tilbake. Segla i ulike sterke farger lyser mot den kvite snøen. På kort tid har mange fatta interesse for skisegling og kiting. I dag er både utstyr og kurs er lett tilgjengelege.

- I 1997 var det litt oj, du driv med skisegling. No er det ganske vanleg, seier Ronny Finsås.