Hopp til innhold

70 vil verte lærarar

Stor interesse for desentralisert lærarutdanning i Nordfjord.

lærer

Det vert oppstart av ei desentralisert lærarutdanning i Nordfjord til hausten. Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colorbox.no

Nordfjord får si eiga lærarutdanning til hausten. 70 personar har meldt si interesse, og Høgskulen i Sogn og Fjordane vil difor starte ei desentralisert lærarutdanning.

Det er kommunane i regionen har pressa på for dette, fordi dei vil få eit skrikande behov for lærarar dei komande ti åra.

Stort behov

Vi håper å kunne møte behovet vi ser om 5-10 år, når mange lærarar vil verte pensjonistar, seier Bård Fløde, som leier det faglege nettverket for skular og barnehagar i regionen.

I Nordfjord vert det behov for 150 nye lærarar dei komande ti åra, viser tal berekna på oppdrag av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Årsaka er generasjonsskiftet i yrket som er merkbar i heile landet. Fløde er gledeleg overraska over responsen dei har fått.

- Det har nærast eksplodert. Det er nærare 70 studentar som har meldt si interesse, seier Bård Fløde.

Flest kvinner

Wenche Frimannslund tek utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, og er i siste fase som lærling i Svelgen Oppvekst. No har ho sjansen til å bygge vidare på utdanninga si, og synest ei desentralisert utdanning er ei bra løysing:

- Du har høve til å kombinere familie og arbeid med å gå på skule, seier Wenche Frimannslund.

Bakgrunnen til dei 70 som har meldt interesse for tilbodet er ulik. Men felles for dei fleste er at dei er kvinner. Frimannslund trur ynsket om ei fullverdig utdanning og tryggleik for framtida er årsaka.

Uro for kvaliteten

Leiar i Utdanningsforbundet i fylket, Gunn Marit Haugsbø, ser oppstarten av ei desentralisert lærarutdanning som eit positivt strakstiltak, men er uroa for rekrutteringa på lang sikt.

- Vi er nøydde til å ha fleire studentar som vel læraryrket som sitt første val. Det handlar om løns- og arbeidsvilkår, seier Haugsbø.

Ho reiser også spørsmålet om kvaliteten på utdanninga.

- Det er eit strakstiltak, men ikkje ei løysing vi kan leve med. Verdien på utdanninga er høgare i fylkesstudiet, meiner Haugsbø.

Høgskulen i Sogn og Fjordane seier at dei også arbeider med langsiktig rekruttering. Dei avviser at det ikkje vil verte bra nok kvalitet på den desentraliserte lærarutdanninga.