Hopp til innhold

Utleigefirma snik seg frå kostnadar

Fellesforbundet meiner fleire selskap som leiger ut arbeidsfolk, prøver å snike seg unna å betale hus, reise og kost til arbeidarane.

Sveising

Illustrasjon

Foto: NRK

Verksemdene har funne nye vegar rundt innføringa av minsteløn for å hindre sosial dumping.

- Etter vår oppfatning gjer dei sitt ytterste for å unngå allmenngjeringsvedtaket. Dei betalar ikkje utetillegg og betalar ein veldig liten del av reiseutgiftene, seier distriktssekretær Oddbjørn Aalen in Fellesforbundet.

Innførde minsteløn

Fellesforbundet har i lang tid kjempa mot sosial dumping av utanlandske arbeidarar. I desember i fjor vart det innført minsteløn, også kalla allmenngjering, ved norske skipsverft.

Det førde til ein lønsauke på 45 kroner i timen, i tillegg til at utanlandske arbeidarar skal få kost, losji og heimreise.

"Underkontor"

Ekstrautgiftene som følgje av dette vart store for både verfta og selskapa som leiger ut arbeidskraft. No prøver mange å snike seg unna krava med liknande "underkontor".

- Vi ser verksemder som har kontoradresser på ein stad, og har oppdrag på verfta. Dei prøver seg på ein slags fiktiv plassering av folk som dei kalalr "å ha teke dei inn på staden", seier Aalen.

Etterlyser kontroll

Aalen vil ikkje seie kor mange selskap som dei veit driv med dette, men vedgår at det er eit aukande problem.

- Eg har spelt det inn til forbundet og dei har merka slik atkivitet andre stadar også, seier han og vonar at Arbeidstilsynet kan drive meir aktiv kontroll av utleigeselskapa.

- Vi vonar dei tek tak i det slik at vi kan få det opp i dagen. Dei som prøver å vere seriøse, misser oppdrag, seier han.