26.05.2012

-Han svartmalar situasjonen

Næringssjef i Vik kommune, Eivind Helleland, meiner Leidulf Finden ikkje ser det positive i Vik kommune.  

-Samanlikna med nabokommunane våre er det mange som misunner oss. Vi har store prosjekt under utvikling i kommunen.

-Bør markere seg sterkare

Leidulf Finden (H) meiner Vik kommune snart er sletta frå kartet. Ifylgje Finden må det skje noko nytt i Vik dersom kommunen skal vere på same nivå som andre kommunar i fylket. Han samanliknar Vik med Høyanger og Årdal, og meiner Vik bør markere seg sterkare.

-Ulike fokus

Eivind Helleland tykkjer det er positivt å debattere, men utspelet til Finden meiner han er å svartmale ein situasjon som er positiv.

- Det er noko med kva ein ynskjer å ha fokus på. Det er mykje positivt i Vik kommune.

Helleland trekkjer fram det nye fengselet som eit eksempel.

-Vi har nett kjempa gjennom eit nytt fengsel i kommunen, med 28 nye soningsplassar og fleire statlege arbeidsplassar. Dessutan er det fleire bedrifter i området som treng meir arbeidskraft.