Glad for midlar til Loftesnesbrua

Ordførar i Sogndal, Jarle Årvoll, er svært glad for 100 millionar kroner til Loftesnesbrua i Nasjonal Transportplan.
Publisert 13.03.2009 20:06.
- Skriv ut
- Dette er noko vi har jobba med i lang tid. Det er eit heilt naudsynt tiltak. Eg hadde tru og håp om at det ville komme, men det veit ein aldri før planen ligg ute.
Viktig Bru
Ordføraren seier brua er viktig for Sogndal og heile regionen.
- Ny bru er svært viktig for Sogndal og heile regionen. Slik brua er no, har ho hatt si tid. Den er 50 år og bygd i ein heilt anna samferdsleperiode. Ho er for smal for bilar, og har vel 30 cm fotgjengarovergang.
- Med tanke på at bompengane på Fjærlandsvegen snart forsvinn, vil ein få ein auke med bilar frå Nordfjord og Sunnfjord gjennom Lærdalsdalen. Og då vil ein få ein auke av trafikken gjennom Sogndal, seier ordføraren.
Kva meiner du om NTP?

















Sol og sommar i fylket