10.02.2012

Designpris til Audhild Viken

Audhild Vikens Vevstove (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Audhild Viken mottok onsdag saman med designbyrået Haltenbanken designprisen Merket for god design.

Kvart år deler Norsk Designråd ut prisen til bedrifter og designarar som vellukka har brukt design til å utvikle innovative produkt eller løysingar.

Audhild Viken mottek prisen på bakgrunn av utviklinga av bedrifta sin nye grafiske profil i konkurranseklassen Visuell kommunikasjon.

Lang tradisjon som suvenirbutikk

Audhild Viken starta som ei vevstove med sal av åkle og løparar frå Skei i Jølster i 1950. I dag driv den familieeigde bedrifta fleire suvenirbutikkar rundt om i landet. Der sel dei både eigenproduserte suvenirar og produkt frå andre leverandørar.

- Suvenirverda er tradisjonelt ei verd der krimskrams, eit hav av produkt og rimelege reproduksjonar rår. Design blir gjerne oppfatta som eit framandord, står det i pressemeldinga Audhild Viken.

Audhild Viken ville løfte framtoninga på heile suvenirsegmentet. Dei ville i tillegg til å drive suvenirbutikkar, vere ambassadørar for Norge og norsk kultur. Dei ville ta med seg historia og røtene sine inn i ei ny tid. Tida var komen for eit nytt visuelt uttrykk.

- Høg kvalitet

Juryen meiner Audhild Viken sin nye grafiske profil osar av høg kvalitet og er svært truverdig.

- Profilen skapar ei behageleg atmosfære som til og med gjev det klassiske suvenirtrollet eit godt visuelt løft. Elementa med dei tradisjonsrike åklemønstra, det elegante monogrammet og konsekvent bruk av fargar og typografi vitnar om solid handverk og bryt med det vanlege uttrykket i bransjen på ein nyskapande måte.

- Fin kopling mellom det tradisjonelle og moderne i estetikken. Designet er implementert i tredimensjonale element i butikken på ein vellukka måte. Designfilosofien er tatt vidare til produktutvikling, og ein har gitt produkta noko ekstra ved å leggje ved ei eiga, velskriven historie til kvar einskild ting. Med si omprofilering har Audhild Viken gitt suvenirsegmentet eit nytt uttrykk og forsterka formidlinga av norsk kultur og handverk, skriv juryen i omtalen.

Samarbeid med designbyrå

Den nye visuelle profilen er utvikla av byrået Haltenbanken. Designarane som har arbeidd med prosjektet, er Truls Indrearne, Trine Hisdal og Elise Sæle.

Prosjektet er gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge.

Også Norway Pelagic fekk pris for sin nye profil.