10.02.2012

Sherpaer til Luster

Mount Everest (Foto: JOHN NOVIS/AFP)

Sherpaer frå fjellområda i Himalaya skal no arbeide på ein fjellgard i Luster.

Foto: JOHN NOVIS/AFP

Fjellbonde i Sogn hentar fjellførarar frå Nepal til garden sin i sommar.

Om alt går etter planen kjem sju sherpaer til Luster til sommaren, for å arbeide der. Det er fjellbonden Geir Vetti, som hentar arbeidsfolka frå Nepal til garden sin i Skjolden i Luster.

Det er ikkje første gongen Vetti nyttar arbeidskraft frå Nepal på fjellgarden Skåri.

I 2007 vart det laga eit program om Vetti på Skåri i programserien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu": Sjå programmet her.

Sherpa

  • Sherpaene er eit folk som held til i Nepal.
  • Namnet tyder ”folket frå aust”.
  • Sherpaene kjem eigentleg frå Tibet og snakkar tibetansk, men innvandra til fjellområda i Nepal.
  • Ordet sherpa vert ofte brukt synonymt med berarar og fjellførarar i Himalaya-området.

Uvanleg sterke

Vetti seier at sherpaene er veldig sterke. Dei er kjende for å kunne bere tungt, og gå langt i eit tempo som dei fleste ikkje er i nærleiken av å kunne klare.

- Eg har prøvd litt av kvart av europeisk arbeidskraft, og det er i alle fall ingen som toler tungt fysisk arbeid betre enn sherpaene, seier Vetti.

Gardsarbeid og vegbygging

Sherpaene skal gjere vanleg gardsarbeid. I tillegg skal dei drive med vegbygging, steinmuring og vedlikehald i Nærøyfjorden, og på veg opp til Skålatårnet.

Fjellbonden ventar framleis på ei endeleg avklaring frå UDI. Om alt går i boks kjem fem sherpaer til Skjolden i mai, og to til ein månad seinare.