Hopp til innhold

29 tekne i narkoaksjon

Politiet har pågripe 29 personar i ein omfattande narkotikaaksjon.

Video nsps_upload_2009_3_6_12_42_43_229.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Til saman er 29 personar pågripne i ein narkotikaaksjon i indre Sunnfjord denne veka. Politiaksjonen har hovudsakleg vore retta mot nye brukarar i alderen 17 til 22 år.

Vekkar i miljøet

Politiførstebetjent Gunnar Englund ved Førde og Naustdal lensmannskontor
Foto: Steinar Lote / NRK

- Det er eit nytt miljø vi har fått innblikk i. Vi håpar å få sett ein vekkjar i det miljøet og elles i befolkninga, seier politiførstebetjent Gunnar Englund.

Politiet har gjort ransakingar og pågripingar av til saman 29 personar. Dei aller fleste er menn i alderen 17 til 23 år.

Dei fleste pågripingane er gjort i Førde. I tillegg er det gjort ei pågriping i Bergen, ei i Florø, ei på Sandane og ei i Nord-Noreg.

Har erkjent narkobruk

Alle, utanom ein person, har erkjent bruk av narkotika. I tillegg har 8-10 personar erkjent sal av narkotika.

- Dei har erkjent omsetnad av 20 til 100 gram hasj. Nokon har også erkjent befatning med amfetamin og ecstasy, seier Englund.

Torsdag kveld vart ein mann i 40-åra pågripen med 235 gram hasj i bilen då han kom køyrande til Førde. Utover dette har politiet berre beslaglagt mindre mengder narkotika.

Ni personar har fått bøter for bruk av narkotika på mellom 3000 og 7500 kroner. Andre saker blir avgjorde i tingretten, men er enno ikkje ferdig etterforska.

Omfattande aksjon

17 polititenestemenn frå kommunane i indre Sunnfjord har delteke i aksjonen denne veka. Aksjonen har vore retta spesielt mot ungdomsmiljø og nye brukarar.

- Vi har hatt fokus på at denne bruken ikkje er lovleg og får konsekvensar. Vi viser at det er risiko for at unge brukarar blir oppdaga, seier Englund.

Torsdag pågreip politiet i Stavanger 29 personar i ein narkoaksjon . Englund seier at dei ikkje har samarbeidd med politiet i Stavanger i denne saka.

Narkotikabeslag etter politiaksjon i Sunnfjord
Foto: Steinar Lote / NRK