Hopp til innhold

Stor steinblokk sperrar E39

- Steinblokka er like stor som huset mitt, seier sjåfør Torbjørn Lofnes. Han filma steinraset som sperrar E39 ved Instefjord.

Video nsps_upload_2009_3_2_11_38_55_916.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Raset gjekk måndag føremiddag. Ingen bilar skal ha blitt treft av raset.

Torbjørn Lofnes var på veg frå Førde til Bergen, og han vart stoppa av raset etter oppstiginga ved Instefjord på E39.

Enorm steinblokk

Ras ved Instefjord på E39
Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Det har gått eit enormt stort stein- og moldras. Ei blokk var like stor som huset mitt, så eg trur vegen blir stengd ei stund, seier Lofnes.

Han gjekk ut av bilen for å filme raset, og då rasa det framleis frå fjellsida.

- Då byrja det å rase igjen, og så sprang eg. Eg veit ikkje om det er ferdig å rase. Eg måtte berre køyre vidare mot Rutledal, seier han.

Stengd til tysdag

Vegen blir ikkje opna før tysdag.

- Det er ei stor blokk, og vi må gjerne til med ein borerigg for å sprenge steinblokka, seier Stig Arild Øystese, vaktoperatør i Statens vegvesen.

Måndag ettermiddag er geologar i helikopter for å vurdere omfanget av raset. I følgje vegvesenet er det fare for at det kan rase ytterlegare frå staden.

- Må rekne med venting

Anbefalt omkøyring frå vegvesenet er riksveg 57 via ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik. Makshøgde på køyretøy på omkøyringvegen er 3,90 meter på grunn av ein tunnel i Gulen.

- Reisande må rekne med noko venting, men ferja vil gå utover kvelden og natta, seier direktør for Kommunikasjon og Merkevare ved Tide ASA, Arild Sondre Sekse.

Endrar rute

Tide Sjø vurderer å endre ruta si, mellom anna å kansellere anløp ved Skipavik, for å ta unna all trafikk som følgje av raset på E39.

SJÅ: OPPDATERTE VEGMELDINGAR PÅ NRK TRAFIKK

Ferja "Odda" tek 67 bilar og er sett inn på strekninga fordi ferja "Bømlo" har hatt ein del tekniske problem . Seinast i helga .

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.