Hopp til innhold

Sterk kritikk mot Nordfjord sjukehus

Vikarlegar vert tilsett utan referansar eller intervju og sjukepleiarar må gi legar opplæring.

Nordfjord sjukehus
Foto: NRK

Helsetilsynet reiser skarp kritikk mot legevikarordninga ved Nordfjord sjukehus. I ein ny rapport kjem det fram ei rekkje kritikkverdige tilhøve ved lokalsjukehuset.

Berre vikarlegar på jobb

- Legevikarar går god for andre legevikarar utan at Helse Førde innhentar referansar eller gjennomfører intervju.

- Sjukepleiarar må gje vikarlegane opplæring og enkelte vikarlegar har ikkje tilgang til journalsystemet.

- Berre vikarlegar på jobb.

Systemsvikt

Det blir avdekka ein systemsvikt som omhandlar sviktande rutinar for rekruttering av vikarlegar, svikt i opplæringa av vikarlegar og svikt i kommunikasjonen mellom vikarlegar og leiinga. Det blir vist til at det ved enkelte høve berre er vikarlegar på jobb, og at sjukehuset i korte periodar under vaktskifte er utan anestesilege og at autorisasjonen for ein av sjukepleiarane manglar.

Sjukepleiarane må hjelpe legane

19 ulike ansestesilegevikarar var tilsette ved Nordfjord sjukehus i fjor. Fyrste halvår i år er det planlagt at 17 anestesilegevikarar skal ha vaktveker ved sjukehuset.

I rapporten heiter det mellom anna: "Verksemda har gjort avtale med to anestesilegevikarar om å rekruttere anestesilegevikarar. Dei intervjua opplyste at desse legane går god for vikarane utan at Helse Førde hentar referansar frå tidlegare arbeidsgjevar eller gjennomfører intervju. Sjukepleiarane ved overvakinga opplevde at dei måtte sikre at legar vart oppdaterte og fekk nødvendig informasjon om pasientane dei skulle ha ansvaret for."

Bryt lova også i Lærdal

Det blir slått fast at Helse Førde bryt spesialhelsetenestelova og ei av internkontrollføreskriftene. Også ved Lærdal sjukehus vert det avdekka manglar innan vikarlegeordninga, men ikkje så mange og alvorlege som ved Nordfjord sjukehus. Det blir imidlertid slått fast at også Lærdal sjukehus bryt spesialhelsetenestelova og ei av internkontrollføreskriftene.

- Ingen kommentar

Verken fagsjef i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, eller fylkeslege Petter Øgar ønskjer å kommentere saka på det noverande tidspunkt.