Hopp til innhold

10 milliardar til rassikring

Regjeringa løyver 10 milliardar til rassikring i neste periode av Nasjonal Transportplan.

Rassikring rv 617, Måløy-Raudeberg
Foto: Bjarne Eldevik

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete seier rassikring handlar om tryggleik for den einskilde i kvardagen, og ingen skal trenge å være redd for å køyre til skule eller arbeid.

Liv Signe Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete

Foto: Gerd Elise Martinsen / NRK

- Vi har hatt eit stor fokus på rassikring, og vi kjem til å leggje inn ein milliard årleg i ti år til rassikring. Dette gjer vi fordi klimaendringar gjer at det går stadig fleire ras på stader det ikkje har gått ras før, og folk lever i utryggleik mange stadar i landet.

- Desse midlane skal brukast til å sikre vegar slik at folk kan reise til jobb og sende ungane til skule på ein tryggare og betre måte enn i dag.

Nøgd rassikringsgruppe

Åshild Kjelsnes, som er leiar i den nasjonale rassikringsgruppa, syns dette er kjempebra.

- Dette er eg veldig glad for. Vi veit det er eit kjent behov mellom 20 og 30 milliardar, så dette er ein milepæl for rassikringsarbeidet. Og ei anerkjenning på at dette er eit nasjonalt problem.

Mange rasutsette område

Leder for nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes

Leiar for Nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

For trongen for rassikringsmidlar er stor. Nishammaren i Fjaler i Sogn og Fjordane står øvst på lista til rassikringsgruppa over farlege område som dei meiner må sikrast. Den har åleine ein prislapp på over 200 millionar kroner.

- Vi har store utfordringar i Hordaland i Hardanger og i Møre og Romsdal har vi riksveg 60 og Oppdølsstranda. Der er også store utfordringar i Nord-Norge, seier Kjelsnes.

- Går ikkje ut over anna samferdsle

Men sjølv om regjeringa no doblar dei statlege tilskota til rassikring, lovar Navarsete at det ikkje skal gå ut over andre samferdsleoppgåver.

- Både samferdsleministeren og statsministeren har sagt at denne regjeringa skal halde fram med å auke satsinga på samferdsle. Så det er ikkje tenkt at andre område skal tape. Sjølv om vi no må auke satsinga på rassikring.