Jervebestanden ute av kontroll
- Vi veit ikkje kor mange jerv som finst i fylket, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
Publisert 26.06.2006 19:04.
- Skriv ut
- Det er vanskeleg å ha full kontroll. Jerven går på tvers av fylkesgrensene og ynglar der. Men problemet med jerv skal ein ikkje ha på denne sida av grensa, seier Nils Erling Yndesdal.
Han vil setje i gang fleire tiltak for å få kontroll over jerven. Yndesdal meiner det er lettare å få oversikt vinterstid når jerven er lettare å spore i snøen.
- Bøndene endeleg høyrde
Leiar i Skjolden sankelag, Arne Rebni Øverås, tykkjer det er flott at fylkesmannen no vedgår at jervebestanden er større enn venta.
- Vi har visst om dette i mange år. Rovdyr får store delar av Noreg, men på Vestlandet skal det ikkje vere jerv, det har Stortinget bestemt. Det er viktig at alle parter er med vidare for å finne ei løysing.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket