26.05.2012

Avviser kritikken

Lars Hellandsjø (Foto: Jarl Fr. Erichsen/Scanpix)

Eg vil ta opp utspelet med Aalen, seier Lars Hellandsjø.

Foto: Jarl Fr. Erichsen/Scanpix

- Utspelet er spekulativt, seier president i Redningsselskapet, Lars Hellandsjø. Han avviser kritikken frå Fellesforbundet om at han bryt lova i si eiga bedrift.

- Eg stille meg undrande til utspelet. Både vi som bedrift og NHO synes Aalen går ut på ein spekulativ måte.

Oddbjørn Aalen seier han ikkje kan forstå korleis Hellandsjø skal få orden i Redningsselskapet, når han ikkje greier å halde orden i eiga bedrift. Hellandsjø er dagleg leiar i industrikonsernet Wergeland Halsvik i Gulen.

- Vi rettar oss etter pålegga

Han meiner dei to sakene ikkje heng saman. Og sjølv om Wergeland Halsvik har fått pålegg, meiner Hellandsjø at han rettar seg etter lova. 

- Ja, vi har hatt pålegg. Men får vi pålegg rettar vi oss etter det, og utbetrar dei.

- Dårleg dømmekraft

Hellandsjø vil ta opp utspelet med Aalen, og dei som står over han i organisasjonen.

- Aalen bør vise betre dømmekraft, er beskjeden frå bedriftsleiaren i Gulen.