Hopp til innhold

Varm velkomst for Stryn sin OL-helt

Eit hundretals sambygdingar møtte måndag kveld opp då gullmedaljevinnaren Ivar Ulvedal kom heim frå Special Olympics World Winter Games.

Folkesamling på busstasjonen i Stryn.

Stolte sambygdingar tok imot den olympiske meisteren med både flagg og faklar.

Foto: Kristian Roset-Hansen

Dei norske utøvarane sanka 18 gullmedaljar, 12 sølv og fire bronser under meisterskapen som gjekk av stabelen i Idaho. Special Olympics er eit uoffisielt OL for psykisk utviklingshemma. Tre av medaljane gjekk til Ivar Ulvedal (Veten) .

- Vi var ikkje budde på noko som helst og er heilt overvelda over all viraken. Då vi kom til Stryn stod heile bygda på busshaldeplassen med flagg og faklar, fortel mor til Ivar, Anne Stubdal.

- Eventyr frå ende til anna

Ivar Ulvedal

Ein stolt Ivar Ulvedal viser fram medaljane til sambygdingane som møtte han på busstasjonen.

Foto: Kristian Roset-Hansen

Ulvedal henta heim gull på både fem kilometer klassisk og stafett. I tillegg vart det sølv på ti kilometer klassisk.

- Det var eit eventyr frå ende til anna. Vi har hatt nokre fantastiske dagar i Sun Valley der konkurreansen gjekk. Det var flagg, rop, bjeller og det som høyrer til på ein idrettsarena, fortel Stubdal.

- Ekstremt stolt

Tysdag vart arbeidsstaden til Ulvedal, Stryn Arbeidssenter, gjort om til ei einaste stor feststove for gullvinnaren.

- Han er blitt litt blenda av oppstyret, men eg veit han set veldig pris på det. Han er ekstremt stolt, men blir litt sjenert i alt oppstyret, seier Stubdal.

Gåve frå banken

Miljøarbeidar Ola Ødegaard ved arbeidssenteret fortel om stolte kollega og vener. Det vanka difor både kake og celebre gjester under markeringa tysdag. Mellom anna Nils P. Støyva som stilte med ordførarkjedet kring halsen.

Banksjefen stilte med ein gåvesjekk på 10 000 kroner til den olympiske meisteren.