Hopp til innhold

Lekkasje ved gassterminal i Eid

Politiet ber folk ta kontakt med lege om dei kjenner seg dårlege etter ein lekkasje i Eid.

- Vi har hatt ein lekkasje ved vår gassterminal for naturgass i Nordfjordeid. Dette er eit stoff som vi tilset gassen for at vi skal merke dersom det blir lekkasje, opplyser beredskapssjef Jarle Birkeland ved Sogn og Fjordane Energi.

Vurderte evakuering

Politiet opplyser at dei i 14.45-tida fekk melding frå innbyggjarar om sterk og kvalmande lukt vest for Øyane i Eid kommune. Då det viste seg å vere ein lekkasje frå gassterminalen, vurderte politiet å evakuere naboane.

- Då det vart klart kva stoff det var snakk om, var ikkje det aktuelt, seier lensmann Webjørn Moa i Eid.

Kontakt lege

Dersom nokon kjenner seg uvel og kvalme etter lekkasjen, oppmodar han desse om å ta kontakt med lege. Om lag ein liter av stoffet Tetrahydrotiofen lak ut.

- Ein kan kjenne seg uvel og kvalm, men det er ikkje noko farleg, seier Moa.

- Faren er over

Birkeland er usikker på korleis lekkasjen har skjedd og fortel at stoffet vil tynne seg ut.

- Det lukta ganske sterkt kring terminalen, men no er lekkasjen stengd og faren er over, seier beredskapssjefen.