Hopp til innhold

Jaga av hjortejegerar

- Mange hjortejegerar tek ikkje omsyn til at andre også vil bruke naturen, seier Petter Øgar.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Han fekk beskjed om å fjerne seg frå eit område på Kaupangerskogen fordi jegerar ville jakte i fred. I år varte hjortejakta heilt til 31. januar somme stader.

- Har gått for langt

Øgar er mektig oppgitt og ber jegerane om å ta seg saman.

- Det var ein flott dag sist laurdag med strålande ver og framleis nokså berrt i skogen, og eg hadde tenkt meg på ein løpetur i ei av favorittløypene mine. Men eg hadde knapt kome ut av bilen før eg vart bedd av ein hjortejeger om å kome meg ein annan stad. Då synest eg det har gått for langt.

- Ukultur

Den flotte naturen i skogane i Sogn aular av hjort, men skogane er også svært fine å gå tur i. Men enkelte meiner det ikkje er rom for alle. Øgar likte situasjonen dårleg og seier han har fleire med seg når han no tek eit oppgjer med det som han ser på som ein ukultur.

- Ikkje velkomne

Mellom anna meiner han det er eit dårleg signal at bøkene som turgåarar kan skrive seg inn i vert fjerna frå Kaupangerskogen under hjortejakta.

- Det kan eg vanskeleg tolke på annan måte enn at vi ikkje er velkomne. No varer hjortejakta snart eit halvt år, og ein kan ikkje gje signal til folk at dei ikkje kan ferdast fritt i skog og mark over ein så lang periode.

Øgar peikar på allemannsretten som ein av dei grunnleggande verdiane i samfunnet vårt. Då var det lite kjekt å bli bortvist frå utmarka.

- Uakseptabel oppførsel

Det er Kaupanger hovedgård som sit på dei største hjorterettane i området. Dei leiger ut jaktrettar, men Nils Joachim Knagenhjelm seier det ikkje var jegerar frå deira gard som prøvde å vise vekk Øgar. Etter det han kjenner til skjedde dette i eit område på Amla.

- Desom noko slikt hadde skjedd hjå oss hadde iallfall den som gjorde det fått beskjed om at det er totalt uakseptabel oppførsel.

Knagenhjelm seier han meiner det skal vere plass til alle, likevel stadfestar han at det er Kaupanger hovedgård som ber om at idrettslaget fjernar turbøkene. Men det er berre medan jakta er på sitt mest intense i oktober og byrjinga av november.

- Men det er ikkje meint som noko hinder for at folk skal gå tur i skogen, seier Nils joachim Knagenhjelm.