- Uaktuelt med vindmøller

Fylkesmannen vender tommelen ned for vindmøller på Stad, Gulen og Solund.
Publisert 04.02.2009 06:52.
- Kommentarer
- Skriv ut
Miljøvernavdelinga seier nei til dei tre omsøkte vindmølleprosjekta i fylket.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
Foto: NRK
Heilt uaktuelt
- Landskapet på Stad er unikt i norsk samanheng, og ei utbyggjing vil ha stor innverknad på landskapet. I tillegg vil det vere dårleg å gjere dette i eit miljøperspektiv, meiner fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal
Men dei store energiselskapa står i kø for å satse på vindmølleparkar i Sogn og Fjordane. Fylket er peika ut som det området i landet med størst potensiale for vindmøller og styresmaktene vil ha meir grøn energi.
Nei, nei, nei
Men Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er negativ og har i eit høyringsvar til NVE altså sagt nei til tre prosjekt.
På Setenesfjellet i Gulen vert det nei fordi søknaden er for dårleg, og på Ytre Sula i Solund fordi landskapet er flatt, og fordi det fins havørn, hubro og vandrefalk.
- Ytre Sula er eit utsett området, poengterer Yndesdal.
Fylkesmannen seier også dette er eit klart signal om at ein ikkje vil ha vindmøller på Ytre Sula der store energiselskap har lansert svært store planar om opptil 75 vindmøller.
Generelt negativ
Administerande direktør i Vestavind kraft Håkon Sandvik meiner Fylkesmanen er generelt negativ til vindmøller.
Han har fått nei til sin søknad om å bygge vindmøller på Stad.
- Vil føler fylkesmannen meiner vindkraft er ein trugsel, og det er synd for det må vere mogleg å utnytte naturressursar og samstundes ta vare på landksapet, seier han.
Sandvik seier dette ikkje er i tråd med signala frå regjeinga om å satse meir på grøn energi.
Må ha tolmod
Fylkesmannen seier dei har fått med seg signala om å satse på meir grøn energi, men frårår at det vert bygd fleire vindmøller her i fylket før ein er samde om fylkesdelplanen for vindkraft.
Og det kan bety at mange utbyggarar må vente på svar til eit godt stykke ut i 2010. Planen vil truleg verte heilt avgjerande for kor det kjem vindkraft i Sogn og Fjordane.

Håkon Sandvik meiner fylkesmannen ser på vindmøller som ein trugsel.
Foto: Joachim Vie/NRKVindkraft (Sogn og Fjordane)
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

















Melodi Grand Prix i Florø