Hopp til innhold

Høgre kjempar for kystveg

Høgre vil kjempe for at fullføring av vegane som vil gjere Måløy - Svelgen og Florø til 45 minutts region skal inn på neste Nasjonal Transportplan.

Høyres leder Erna Solberg
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I går var høgreleiar Erna Solberg på besøk i Svelgen, og no har ho bestemt at Høgre skal sitte i det politiske førarsetet for å få realisert vegprosjektet.

- Eg håpar at dette ikkje forsvinn fordi andre parti skal rote til prioriteringane til Sogn og Fjordane, seier ho.

Sjå og Høgre vil ha Kystvegen no

Nye vegar

Det er fullt fokus på samferdsel i Høgre i følgje høgreleiar Erna Solberg. Næringsliv og lokalbefolkninga i Måløy, Svelgen og Florø kjempar for å gjere området til ein bu- og arbeidsregion med ei reisetid mellom Svelgen og Måløy og Svelgen og Florø på 45 minutt. Men for å få dette til må det nye vegar langs kysten.

Kystvegen, Illustrasjon

Slik ønskjer tilhengarane at vegsituasjonen på kysten skal bli.

Høgre har sagt dei jobbar for å skaffe 20 millionar i startløyving til Bremanger 2 og at dei vil gje 200 millionar statlege kroner til oppstart av det såkalla Bremanger 3 mellom Grov og Svelgen

- Vi kjem til å leggje inn meir pengar. Vi har sagt vi skal satse meir på veg framover. Og så gjer vi nokre klare prioriteringar på det. Og dette er ei av dei prioriteringane som skal inn.

Og å få inn heile vegsambandet mellom Måløy og Florø i neste Nasjonal Transportplan vert no valkampsak for høgre

- Eg ønskjer fullt trykk på dette, seier Solberg.

- Lovar for mykje

Tidlegare denne veka sa Høgre at dei også vil ha pengar til Riksveg 60 Olden - Innvik. Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Knut M. Olsen frå Sp, trur Høgre lovar langt fleire vegkroner enn dei klarar å skaffe.

- Eg registrerar at dei heile tida kjem med at dei skal bruke nokre hundre millionar her, og nokre hundre millionar andre stadar i fylket. Og Høgre må også når det kjem til stykket prioritere mellom dei forskjellige prosjekta. No opplevar eg at dei lovar litt alt etter kvar dei er på besøk i fylket, seier han.