Hopp til innhold

Vil utsette alle vindmølleprosjekt

Faren for å øydelegge kulturminne og verdifulle landskapsformer ved å bygge det omstridde vindmøllefeltet på Stadlandet er alt for dårleg undersøkt. Det meiner kulturavdelinga hjå fylkeskommunen.

Vindmøllene på Kråkenesfjellet
Foto: Bjarne Eldevik

Vestavind Kraft As har planlagt vindmølleparken Okla , men fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad meiner dei har gjort ein alt for dårleg jobb med konsekvensutgreiinga.

- Det er ikkje svar på dei utfordringane som denne type dokument skal svare på, seier ho.

Rikt område

Ingebjørg Erikstad

Ingebjørg Erikstad

Foto: NRK

Det fylkesdirektøren saknar er ei vurdering på om det kan vere kulturminne i området på Stadlandet i Selje, kor Vestavind Kraft gjerne vil byggje 10 vindmøller.

For det er ikkje nok å gjere som kraftselskapet har gjort, meiner Erikstad. Nemleg å skrive at det ikkje er kjende kulturminne som kan ta skade av vindmølleparken.

- Både Selje og Stadlandet er jo eit veldig spesielt og rikt område, både når det gjeld kulturminne og kulturlandskap. Det er verdiar av både lokal, nasjonal og internasjonal karakter her, slik at vi er inne på eit område der ein skal vere godt budd før ein går inn og byrjar med nye inngrep, seier Erikstad.

Unøyaktigheit

Ho er ikkje den einaste som er bekymra over manglande konsekvensutgreiingar om vindmølleprosjekt.

Seksjonssjef Kirsten Thyrum i Direktoratet for Naturforvaltning tek i bruk ordet unøyaktigheit i høyringsfråsegna om vindkraft, som ho har sendt til Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE. Thyrum mistenkjer kraftselskapa i å levere ufullstendige meldingar og utgreiingar med vilje.

- Det er klart at dei som ønskjer å fremme ei sak, ønskjer ikkje gjere meir enn dei må. Og det kan gi nokre ubehagelege konsekvensar. Jo meir ein veit, jo mindre konsekvensar får ein påpeika, seier ho.

Vanskeleg å skilje - krev samla plan

Kraft frå vindmøller er eit populært satsingsområde langs kysten av Vestlandet for tida. Berre i Sogn og Fjordane er ti vindkraftanlegg ute til høyring.

Når kraftselskap fattar interesse for eit område, må dei først sende inn ei melding til NVE. I desse meldingane er det ingen krav til konsekvensutgreiingar. Dei kjem først dersom kraftselskapa får klarsignal til å gå vidare med planane.

Men fordi meldingane i mange tilfelle er så vage og omtrentlige, er Thyrum i direktoratet redd for å ikkje kunne skilje eitt prosjekt frå eit anna.

- Det vi er uroleg for er at det kjem så mange prosjekt som alle er litt mangelfullt utgreidd. Og det gjer det veldig vanskeleg for oss å avgjere kva som er det beste anlegget, seier ho.

No krev direktoratet at NVE ikkje gir fleire konsesjonar før fylket har utarbeidd ein samla plan over vindkraftprosjekta.

- Vi meiner at NVE må vente med å ta den endelege avgjerda om å gi konsesjon, til vi har fått ein samanheng og ein samla oversikt over området, og kan ta ei avgjerd på bakgrunn av ein fylkesdelplan, seier seksjonssjefen i Direktoratet for Naturforvaltning.

Overraska

Seniorrådgjevar Edgar Kvenevik i Vestavind Kraft er overraska over konklusjonen. Dei har fleire prosjekt på gang i fylket, mellom anna Okla på Stadlandet.

Påstandane om at kraftselskap er unøyaktige i meldingar fell på si eiga urimelegheit, meiner han, sidan det ikkje er noko krav om ei fullstendig konsekvensutgreiing når dei melder si interesse for eit område.

- Ei melding er berre ei innleiande melding til NVE om at ein har ein lokalitet ein vurderer å arbeide vidare med å utvikle vindkraftanlegg, seier han.

Og konsekvensutgreiinga for vindmøller på Stadlandet er det i alle fall ikkje Vestavind kraft som står for.

- Det er uavhengige selskap som lager desse utgreiingane. Nettopp for å ta vare på den uavhengige rolla ei konsekvensutgreiing skal ha, seier seniorrådgjevaren i Vestavind Kraft.

Lagar fylkesdelplan

Men i direktoratet er dei ikkje nøgde før det kjem ei fullstendig oversikt over konsekvensane av utbygging. Fylkesdirektør Erikstad kjem direktoratet i møte, og lover betre oversikt.

- Fylkeskommunen er i gang med å utvikle ein fylkesdelplan for vindkraft. Det er eit arbeid som går føre seg no, og som vi reknar med skal vere ferdig i 2009. I og med at vi er inne i den prosessen, meiner vi at handsaminga av denne type saker i størst mogleg grad må avvente til denne planen er vedteke, seier ho.