Lurte 50 telefonkjøparar
Ein tenåring frå Sogn er tiltalt for omfattande mobilsvindel. I følgje politiet skal guten ha lurt nærare 50 personar til å kjøpe mobiltelefonar som dei aldri fekk.
Publisert 26.06.2006 09:13.
- Skriv ut
Guten skal i føgje tiltalen ha annonsert mobiltelefonar for sal på nettstaden finn.no.
Han har sidan moteke førehandsbetaling på telefonane, men ikkje levert dei frå seg. Dei fleste telefonane var prisa til 150 kroner, noko som er langt unna marknadsprisen for Sony Ericsson-telefonar.
Det heile skal ha føregått i desember i fjor, og totalt skal guten i følgje tiltalen ha lurt 47 personar over heile landet til å betale den avtalte prisen.
Nektar straffskuld
Politiadvokat Knut Broberg var søndag ikkje tilgjengeleg for kommentar, men forsvarar Louis Anda seier tenåringen ikkje vedgår straffskuld.
- Det var meininga at han skulle få inn desse pengane, for så i ettertid å skaffe telefonane som kundane hans bestilte.
- Burde han ikkje hatt mobiltelefonane på lager før han byrja å leggje dei ut for sal?
- Det er mogeleg at god forretningsskikk seier at han burde hatt desse telefonane på lager, men det er ikkje straffbart slik han gjorde det. Og det er det denne saka dreiar seg om, seier Anda.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket