Hopp til innhold

Kvinne dømd for SMS-terror

I løpet av 2007 og 2008 terroriserte kvinna eksmannen sin med telefonsamtalar og fleire tusen meldingar.

Norges Lover
Foto: Illustrasjon: Asbjørn Odd Berge / NRK

I oktober tok påtalemakta ut tiltale mot nordfjordkvinna. Nyleg vart ho dømd til fengsel i 60 dagar med prøvetid på to år, så sant at ho ikkje på noko vis tek kontakt fram til 1. januar 2010.

- Domen er grei den. Det viktigaste er å få fred, fortel eksmannen.

Starta etter brot

Det heile byrja i 2006 då ekteparet separerte seg etter kring 20 års ekteskap. Året etter gjekk skilsmissa gjennom. Kvinna tok brotet tungt. Allereie tidleg i 2007 sende kvinna dei første tekstmeldingane og tok dei første telefonane. Eksmannen prøvde å snakke med henne, men utan hell.

- Det gjorde det i alle fall ikkje betre. Eg forstår at det i starten er vanskeleg når ein har gått frå kvarandre. Difor gjorde eg ikkje noko med dette på lenge, fortel mannen.

24 meldingar på ein dag

Ting gjekk etterkvart så langt at kvinna fekk både kontakt- og besøksforbod ovanfor eksmannen. Dette brydde ho seg lite om. Krenkande tekstmeldingar og telefonsamtalar heldt fram å hagle inn på telefonen til eksmannen. Meldingane gjekk mellom anna på samversrett, og tvistar mellom dei.

- På det meste fekk eg 24 meldingar pluss oppringing. Det vart slitsamt. Det var frykteleg kjedeleg. Innhaldet varierte. Det var alt frå at ho var lei seg over at det vart slutt, til å kalle meg for dei styggaste ting som psykopat til horebukk, seier han.

Gjekk alt for langt

Kvinna erkjende forholda då saka var oppe i Fjordane tingrett. Sorenskrivar Terje Mowatt skriv i straffeutmålinga at retten ser tekstmeldingane frå kvinna, brota på besøks- og kontaktforboda og telefonane frå henne i lys av at ho hadde vanskar for å avslutte forholdet.

- Etter rettens vurdering har tiltalte sin aktivitet likevel gått langt utover det akseptable og det forståelege, skriv sorenskrivar Terje Mowatt i straffutmålinga.

- Kjedeleg for borna

Retten ser alvorleg på at aktiviteten i liten grad har avteke og at ho gjentekne gonger ikkje har vist respekt for, eller retta seg etter, rettslege påbod og forbod i rettsapparatet. Situasjonen vart etterkvart svært utriveleg for eksmannen, borna deira og familien hans.

- Du føler deg aldri heilt trygg. Det blir mas kvar einaste dag og eg måtte kutte ut feriar. Men mest kjedeleg er det for borna. Dei har opplevd mykje av dette som forferdeleg vanskeleg, seier han.

Vonar på fred

Dei siste meldingane sende kvinna i perioden oktober til 29. desember. Retten dømde ho til fengsel i 60 dagar med prøvetid på to år. Ho må betale eksmannen sin 7 000 kroner i bot og betale 45 000 kroner i oppreisingserstatning og erstatning for økonomisk tap. Kvinna må også betale 3 000 kroner i sakskostnadar.

Vilkåret for fengselstraffa er at ho det neste året ikkje tek kontakt med eksmannen. Han vonar at han no får fred frå ekskona.

Går gjennom andre

- Ho har sendt meldingar til andre med spørsmål om eg kan ringe. Eg tykkjer at det er kjedeleg at også andre kring meg skal bli belasta, seier eksmannen.

- Ho har fått grei beskjed om at ho ikkje skal ta kontakt. Eg vonar ho forstår at ho ikkje må gå gjennom andre. At det ikkje er vegen å gå, avsluttar han.