Stal pengeskrin
Verdiar for kring 15 000 kroner er stole frå Fredheim Maskin AS på Kaupanger.
Publisert 25.06.2006 20:36. Oppdatert 25.06.2006 20:39.
- Skriv ut
Inbrotet skal ha skjedd i løpet av helga.
Tjuvane skal først ha brote seg inn i ei brakke, der dei har fått med seg nøklar til hovudbygningen.
- Der har tjuvane fått med seg eit pengeskrin med mellom 12 000 og 15 000 kroner i. I tilegg har dei fått med seg ein del ferjekort, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Einar Vereide.
Sikra spor
Politiet veit ikkje kven som står bak tjuveriet.
- Men politiet har vore på staden, og sikra spor. Dersom det er folk som har sett noko er vi svært interessert i tips frå publikum, seier Vereide.
Politiet fekk melding om innbrotet klokka 17.28.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket