Torsdag 22. januar er det anleggsstart på
mellom Nordfjord og Sunnmøre.Når vegen opnar i 2012 vil bygdene i Austefjorden på Sunnmøre og Hornindal bli næraste naboar.
Interessant for ungdom
- Vi får ein veg som heile området vil tene på. Det burde bli meir interessant for ungdom å etablere seg når ein ser at avstandane blir mindre, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.
Onsdag var 250 næringslivsfolk og politikarar samla til seminar i Loen for å snakke om dei moglegheitene Kvisvegen vil gje.
Den framtidige stamvegen E39 skal gå i tunnel gjennom fjellet Kviven og knyte saman Søre Sunnmøre og Nordfjord.
- Vegen vil bety ein enklare kvardag for folk flest. Det blir større moglegheit for næringslivet, og ein kan få spanande arbeid der ein kan bu i Møre og Romsdal og jobbe i Stryn, seier Sandal.
Gigantisk vitamininnsprøyting
Styreleiar Per Sævik i Havila Shipping seier mobiliten mellom dei to nabofylka vil bli ein heilt annan når Kvivsvegen opnar.
- Det blir ei utfordring for næringsliv og politikarar å sjå korleis regionen kan nytte seg av Kvivsvegen. Etter mi meining er dette ei gigantisk vitamininnsprøyting for å revitalisere regionen, seier Sævik.
Det ligg ein langvarig kamp bak Kvivsvegen, og fylkesordførar i Møre og Romsdal Olav Bratland har store forventningar til den nye traséen.
- Det opnar seg uante moglegheiter. Eikensundssambandet og Kvivsvegen heng nøye saman, og no får vi ein langt større bu- og arbeidsmarknadsregioen, seier Bratland.