Hopp til innhold

- Viktig dom for hjortejegerane

Lagmannsretten frifann tysdag ein hjortejeger (46) for uforsvarleg skumringsjakt.

Retten oppheva domen frå tingretten, der sogningen vart dømd til 12.000 kroner i bot . Det var jegeren som anka saka inn for lagmannsretten . I følgje Sogn Avis blir mannen nærast rosa for såvel råma kring jakta, som det avløyste skotet.

- "Lagmannsretten legger etter bevisførselen til grunn at treffpunktet var tilnærmet optimalt, om enn noe lavt", heiter det i domen.

- Veldig positiv

Blant hjortejegerane har det vore knytt stor interesse til skotet som sogningen løyste i 21-tida denne novemberkvelden i 2006.

- Domen er veldig positiv for oss hjortejegerar. Dei siste åra har jegerane kjend seg veldig kriminalisert om dei skyt i sein skumring eller i måneskin. No har domen sagt at ein kan skyte i dårleg lys, utan at ein treng å kjenne seg forfølgd, seier fylkesleiar i Norges Jeger- og Fiskeforbund, Øyvind Hopland.

Viktig dom

Fylkesleiaren trur domen er viktig for framtida og vil skape presedens i liknande saker. Viktigast av alt stadfestar den at det ikkje er ulovleg å løyse skot etter hjort i skumringa.

Hopland stiller spørsmålsteikn ved at styresmaktene ynskjer mest mogleg human jakt, men vil tvinge jegerane til å jakte i skogen på dagslys.

Lettast å felle

Han seier hjorten er lettast å felle på ein human måte i skumring, medan den står roleg og beitar på bø.

- Undersøkingar viser at det er i skumring at hjorten er lettast å felle på ein human måte med eitt skot. Og det er då vi ynskjer å ta ut dyra vi skal ta ut, seier han og legg til at jegerane likevel ikkje må syte i dårlegare lys, enn at dei klarer å skille hjorten frå anna.

Var godt budd

Domen frå lagmannsretten meiner at jegeren i Sogn hadde alt sitt på det turre og konkluderte med at jegeren var godt budd til skumringsjakta.

- "Tiltala har teke seg god tid til å venne seg til mørket og dernest til utvelgelse av dyr før selve fellingen. Han har avventet situasjonen til dyret han ønskte felle kom bort fra de andre dyrene på bøen, og han brukte lang tid til vurdering før han trakk av".

- Kolossalt glad

Jegeren sjølv seier til Sogn Avis at han er "kolossalt glad" over domen.

Han seier også at det ikkje har vore like OK å gå på jakt etter at lensmannen i Balestrand tok i frå han både gevær og hjort to dagar etter jakta.