26.05.2012

Motstandarar vart forkjemparar

Vindmøllepark (Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIX)

Illustrasjon frå vindmølleparken på Smøla.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIX

Lovnad om ny veg har fått bygdelag i Gulen til å snu i vindmølledebatten.

Folk i nabobygdene Brandanger, Sellevåg og Furnes har i løpet av kort tid snudd frå å vere negative til den planlagde vindparken på Sætenesfjellet, til å kjempe for vindmøllepark.

Får viktig veg

Årsaka er at utbyggjaren av vindparken lovar ein ny og fem meter brei veg mellom Fivelsdal og Brandanger. Vegen gjev større trafikktryggleik og betre tilkomst til eit planlagt byggefelt.

- Den betyr veldig mykje for området her, seier Reidar Bøe frå Furnes.

- Held ikkje mål

Innbyggjarane i nabobygdene har difor starta underskriftsaksjon for å overtyde NVE om å gje konsesjon vindparke. Kommunestyret har allereie sagt nei til søknaden.

- Kanskje nokre av desse vindmøllene kan bli synlege frå tusenårsstaden. Skal det vere argumentasjon for å gå imot, så held ikkje det mål, seier Bøe.

- Gjev inntekter

Motkjemparane som no er blitt forkjemparar, argumenterer med at både dei lokalt og kommunen elles ikkje har råd til å gå glipp av inntektene ei slik utbygging vil gje.

- Kommunen får tre til 3,5 millionar kroner i eigedomsskatt og to til tre årlegge arbeidsplassar. Dei som ikkje toler å sjå på vindmøller, får heller snu hovudet og sjå på eit anna punkt, seier Bøe.

- Mykje pengar, men...

Laila Nyhammer i Venstre meiner at bygdefolket sel seg for billig. Ho meiner at tre millionar kroner i eigedomskatt heller ikkje er nok til å vege opp for inngrepa i urørt natur.

- For ein lutfattig kommune, så er det mykje pengar. Men i høve dei verdiane som kjem inn, så er det for lite betalt. Det er det som er Gulen og mange andre småkommunar sitt dilemma; ein gjer alt for pengar, seier ho.