Køyrde i eit tre - to til sjukehus
To personar vart sende til Lærdal sjukehus etter at ein bil køyrde i eit tre laurdag morgon.
Publisert 24.06.2006 10:26. Oppdatert 24.06.2006 11:31.
- Skriv ut
Ulukka skjedde like ovanfor Øvre Årdal i retning Tyin.
- Vi trudde først det berre var ein førar som var involvert i ulukka, men etterkvart fann vi ut at det har vore ein person til i bilen. Begge er no sende til sjukehus, men dei skal ikkje vere alvorleg skadde, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Leif Bell.
Bilen skal først ha vore borti autovernet, før den traff eit tre.
- Vi har mistanke om at dei har køyrt i påverka tilstand, og har teke blodprøve av mennene, seier Bell.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 06.44
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket