- Vent med vindkraftprosjekta

Illustrasjon
Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIXFylkesmannen vil vente med utbygging av sju nye vindkraftprosjekt i Sogn og Fjordane.
Publisert 13.01.2009 17:53.
- Kommentarer
- Skriv ut
Dei planlagde anlegga er Bremangerlandet og Hennøy (Bremanger), Gulesletten (Bremanger), Florø, Ytre Sula og Ulvegreina (Solund) og Brossviksåta (Gulen). Anlegga har vore på høyring i Sogn og Fjordane.
Fylkesmannen seier i høyringsutsegna at han ser på utbyggingane i ein større samanheng, og viser til arbeidet med ein fylkesdelplan for vindkraft som fylkeskommunen har sett i gang.
Sett på bakgrunn av at 21 havørner til no er funne drepne av vindmøllene på Smøla, etterlyser Fylkesmannen også meir fokus på tilhøvet mellom vindmøller og fugl, og at slike betraktningar må gjerast innanfor område som er mye større enn kvart enkelt utbyggingsområde.
Tilhøvet til reiseliv og turisme har i fleire av meldingane fått relativt lite merksemd, sjølv om dette er eit tema som bør vere sentralt når det er snakk om landskapsinngrep i profilerte reisemål som kysten og fjordane.

















Sol og sommar i fylket