Hopp til innhold

- Sjå til sauene oftare

Mattilsynet krev at sauebønder nord for Sognefjorden ser etter dyra sine fleire gongar i veka når dei er ute på beite.

Sau på beite
Foto: Martin Sandal

Seniorinspektør Olav Hermansen i Mattilsynet seier årsaka er dei mange observasjonane av rovdyr den siste tida.

- Det er den aktuelle situasjonen vi har med at vi vurderer faren for rovdyråtak som ganske stor.

- Blir ekstra utgifter

For den siste tida er det observert rovdyr fleire stader i fylket. Bjørnen som er på streif i Sogn og Fjordane har drepe fleire sauer. I tillegg er det både gaupe, jerv og ulv i fylket. Bøndene kan søke om å få økonomisk støtte til å gjennomføre pålegget, men Hermansen vedgår at det kan bli ekstra utgifter for bøndene.

- Det er ein ektstra belastning for saueeigarane, men det er og viktig at ein har så godt oversyn som mogeleg over kva som skjer i beiteområda, både med tanke på ein kan ta seg av skadde dyr, og at ein veit kva ein har av rovdyr, slik at miljøstyresmaktene blir gjort merksame på det og eventuelt kan gjere tiltak.

- Blir for tidkrevande

I Fjærland har bjørnen teke seks sauer. Bonde Nils Distad er i utgangspunktet positiv til forslaget, men trur pålegget blir vanskeleg å gjennomføre.

- Eg må gå i to timar for å kome opp til den eine flokken eg har. Uansett vil det koste ein del, anten må eg leige folk til å sjå til sauene, eller eg må leige folk til å gjere arbeidet heime på garden når eg er til fjells.

Han fryktar at han ikkje vil få dekka ekstrautgiftene.