Folk som kjem til FotballFlora neste sommar kan få oppleve hitane Rivers of Babylon, Daddy Cool og Brown Girl in the Ring - framført av sjølvaste Boney M.
Hitmaskin på 70-talet
Gruppa hadde si glanstid på 70-talet. Med over 150 millionar selde plater over heile verda er Boney M gruppa som saman med ABBA er den mest kjende gruppa frå tiåret.
Musikk og fotball
I tillegg til å vere ei fotballturnering er FotballFlora også ein musikkfest. Boney M er eit av dei første banda som er klare til å underhalde i Florø i juli. I tillegg skal norske Hellbilies entre scena laurdag 11. juni.
- Resten av programmet, både når det gjeld fotball og musikk, blir klart etter kvart, seier arrangør Per Øyvind Helle til firda.no.
Han lover retrostemning og eit forrykande show når Boney M inntek scena i Florø.