Hopp til innhold

Jente (11) truga 15-åring på livet

Frå oktober til november sjikanerte og drapstruga den 11 år gamle sunnmørsjenta ei 15 år gamal jente.

Jente surfer på nettet

Illustrasjon

Foto: Colourbox

John Pilskog ved lensmannskontoret i Ulsteinvik, som også etterforskar saka der Aina Iren Årsheim frå Selje vart misbrukt på grov pornoside , seier trakasseringa er det mest ekstreme han nokosinne har sett.

- Ordlyden vitna om at det var eldre personar som stod bak. Eg vart veldig overraska då det vart klart at det var ei 11 år gamal jente som stod bak, seier han.

Du burde ikke legge ut bilde av deg selv på (nettside, red. anm.).. Vil du at hele landet skal få mareritt? Kviiiisetryne-.-

11-åring

- Trudde det var feil

Saka vart meld til politiet i oktober. I slutten av november vart den skuldige konfrontert med etterforskinga. Den 11 år gamle jenta la alle korta på bordet.

- Med det same tenkte eg at dette ikkje kunne stemme og at det måtte ha skjedd ein feil. Då vi krysspeila funna i alle retningar, var det ikkje tvil, seier Pilskog.

- Aldri sett liknande

Jenta retta sjikanen og truslane frå datamaskiner på skulen, heime og hos besteforeldrene sine.

- Det var ingen bakgrunn for trakasseringa. Det var ingen konflikt mellom jentene, men 15-åringen har tydelegvis vore eit mobbeobjekt gjennom åra. Det var også lagt ut ting på Youtube. Eg har aldri vore borti liknande på dette alderstrinnet, fortel Pilskog.

Opp til foreldra

Den skuldige i trakasseringa, er under den kriminelle lågalderen.

- Vi har hatt møte med foreldrene som var like sjokkert. I slike saker er det opp til foreldre å ta seg av konsekvensar, seier Pilskog og legg til at nettstaden der trakasseringa fann stad, medverka til at saka vart oppklara. Vedkommande som stod bak trakasseringa er utestengt frå sida.

- Opplevd som sterkare

Jeg vet hvor du bor... Her er et lite dikt:

  • Jeg er en morder,
  • Verden er ikke stor,
  • Jeg har hagle
  • Og vet hvor du bor
11-åring

Politiinspektør Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt, seier at det frå tid til annan dukkar opp liknande saker som kan skildrast som skremmande åtferd.

- Vi ser at internett er ein arena, på lik linje med skulegarden og mobiiltelefon. Skjellsord som ein tidlegare slengte i skulegarden, blir i dag sendt over internett og mobiltelefon. Det blir opplevd som sterkare, seier Iden.

Foreldre må følgje med

Iden oppmodar foreldre til å halde auge med kva borna føretek seg på Internett.

- Vi er ikkje glade for at barn og unge mobbar kvarandre uansett om det skjer i skulegarden, via SMS eller på nett. Problemet med nett er at det er ein arena som ikkje er så veldig synleg for vaksne folk, seier han.

HAR DU SJØLV, ELLER KJENNER DU NOKON, SOM HAR OPPLEVD LIKNANDE? TIPS OSS