26.05.2012

Tek opp kampen mot vindparken

- Dette blir stogga. Vi gjer oss ikkje, seier Hans Christian Hansen i Stad landskap.

Saman med fleire i miljøvernorganisasjonen såg han i dag Selje kommunestyre støtte opp om søknaden om vindpark på Okla.

- Eg var ikkje overraska. Eg hadde ei runde med representantane før møtet og signala har vore ganske greie, seier Hansen.

- Eg er sjokkert

Vindparken som tel mellom sju og ti turbinar, vert av organisasjonen skildra som rein rassering av landskapet. Politikarane i ROBEK-kommunen ser på parken som ei kjelde til kjærkomne midlar. Berre Frp stemde imot.

- Eg er mildt sagt sjokkert over at berre ein person reiste seg opp og sa nei til rasering av landskapet på Stad, sa Jan Hammersvik etter at vedtaket vart klubba.

Vil ikkje ha nålpute

Hansen er budd på å gå heilt til topps for å få stogga vindparken. Han har allereie vore i kontakt med ei rekkje av "toppane" hjå Fylkesmannen og Fylkeskommunen. Han viser til at det langs norskekysten er inne 120 søknadar om vindparkar. I ei gransking frå 2006 skildra Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning Okla som eitt av dei åtte mest konfliktfylde vindkraftprosjekta i landet.

Hans-Christian Hansen i Naturvernforbundet (Foto: Cosmin Cosma/NRK)

- Eg hadde mest tenkt til å klappe Marit Aarvik ned frå talarstolen, seier Hans Christian Hansen om den einaste kommunestyrerepresentanten som stemde mot vindparken.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

- Alt kulturlandskapet, alle fjelltoppane, alt det spesielle vi har vil sjå ut som ei nålpute. Eg har varsla fylkesmannen og fylkeskommunen at Stad landskap vil motsette seg denne utbygginga og at vi ynskjer eit møte etter jul, seier han.

Giske og Solheim

Hansen har også vore i kontakt med Kurt Oddekalv, og vil vende seg direkte til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske, og utviklings- og miljøvernminister Erik Solheim. Vindparken vil kunne gje straum til kring 3 000 husstandar og vil koste om lag 190 millionar kroner.

- No må dei ta eit tak. Eg vil herved invitere dei med på fjelltur og få med alle ekspertar på flora og fauna. Fjord1 og reiselivsnæringa må på bana for å få sagt kva dei tykkjer om dette. Eg skal få med meg alle dei eg kan få med meg, seier Hansen engasjert.

Visualisering vindkraft Okla på Stad. (Foto: Visulaisering: Trond Simensen, SWECO Grøner)

Visualisering av alternativ 2a frå bilvegen 1 km søraust for Vestkapp mot Kyrnosa.

Foto: Visulaisering: Trond Simensen, SWECO Grøner