Bjørnejakt til 150.000 kroner
Rekninga for den mykje omtala bjørnejakta i vår er no ferdig og godkjend av Direktoratet for Naturforvaltning.
Publisert 11.12.2008 12:31.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det vakte stor glede hjå bøndene då bjørnen som i vår herja i saueflokkar i Sunnfjord og Sogn, måtte bøte med livet på Jostedalsbreen.
No er også rekninga klar. Direktoratet for Naturforvaltninga dekkjer rekninga på 150.000 kroner.
Fellingslag frå Sogndal, Jølster, Gaular og Førde jakta frå 3. juni til 15. juni på rovdyret, som til slutt vart felt etter at han fekk teften av eit bananskal.
Bjørnekjøtet vart auksjonert vekk til NRK-humorist Ole Johannes Øvretveit, medan bjørnefellen vart tildelt fleire museum i fylket. Fellen blir no stoppa ut. Musea ser føre seg å lage vandreutstilling om rovdyret.
















Kjøthandlaren hentar bjørnen heim
Sjå bjørnebileta her















Sol og sommar i fylket