10.02.2012

Ny protest mot moské

Inne i moskeen (Foto: Junge, Heiko /SCANPIX )

Førdianarar får igjen motstandsbrev frå Folkeaksjonen mot innvandring.

Frå nettsidene til FMI er det mogleg å skriva ut protestbrev mot moskeen, og no har nokon satt i gang aksjonen igjen.

Det er eitt år sidan sist motstandsbrev frå FMI vart spreidd i Førde.

Reis heim

Jan Høeg er nestformann i Folkeaksjonen mot innvandring, han meiner det er altfor mange moskear i Noreg i dag.

- Dette er ein muslimsk invasjon i heile vår verdsdel, og i Noreg i tillegg. Dei bør reisa heim til sitt eige heimland, dei har ingen ting å gjer i vårt land.

Harald Bjarte Reite, leiar i Førde Arbeidarparti, er heilt ueinig.

- Eg synst det er forkasteleg. Førde er ein del av verda. Når folk vil busetja seg her, så må dei få utøva sin religion og sitt liv.

Ikkje offisiell aksjon

Bjørnar Røyset er kontaktmann for FMI på vestlandet. Til Firda sa han at dette ikkje er ein offisiell aksjon, som det var sist år. Røyset er usikker på kvifor nye brev kjem no, men han meiner det er viktig å halda saka varm.

Røyset trur dei nye protestbreva kan ha samanheng med at ein arkitekt nyleg presenterte eit forslag til moskébygg.

- Eg kjenner meg viss på at ein god del førdianarar er einige i motstanden vår, seier Røyset.

Reite i Førde Arbeidarparti har ei anna oppfatning.

- Det spørst kva han definerer som mange. No er det slik at eit einstemmig bystyre, på vegne av innbyggjarane har vedtatt at det skal leggjast til rette for eit moskébygg i Førde.

I Firda tar og Ap-politikar Jorunn Eide Kirketeig avstand frå bodskapen til FMI.

- Bodskapen er både motbydeleg og rasistisk, seier Eide Kirketeig.