Hopp til innhold

Difor havarerte TSR Måløy

To av budsjettpostane til Tall Ships Races gjekk i pluss.

Tall ships`Races i Måløy

Brask og bram under Tall Ships Races i Måløy har gjeve ein skikkeleg blåmåndag for kommunen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Diverre for arrangørane var postane for effektar og tivoli/stand for små til å rette opp den skakkøyrde økonomien. Førebelse tal viser at Tall Ships Races Måløy havarerte med eit dundrande underskot på 13 millionar kroner. Underskotet er det største nokosinne i "Sjøens OL" og hamnar på bordet til kontrollutvalet .

HØYR: Leigde kokkar til 600.000 kroner

- Status Quo skulle vi aldri teke på oss, sjølv om konserten hadde eit greitt inntektsbilete. Det var for høg risiko og eg trur alle i Måløy ville vore like nøgde med arrangementet om den ikkje var med. Det var også vel dristig å legge inn positivt resultat på transport. Her burde vi stukke fingeren lenger ned i jorda. Vi skulle heller aldri teke på oss serveringa, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun i Vågsøy kommune.

SJÅ TALA NEDERST I SAKA.

Auka utgifter

Det er utgiftene for å få inntekter som øydela på arrangementet i Måløy. Tala vart dobla i løpet av 2008 og tredobla i høve 2007-budsjettet. Paradokset var at inntektene utvikla seg motsatt veg. Hovudårsaka er det venta besøkstalet på 15.000 gjester per dag.

SJÅ: Då Tall Ships' Races kom til vesle Måløy

- Ser ein på "pålagde utgifter", så er det veldig lite avvik i høve opprinneleg budsjett. Hadde vi hatt noko aning om kor mykje publikum vi kunne vente oss, så hadde vi teke heilt andre avgjerder, konkluderer Forthun.

Måtte auke utgiftene

Etterkvart som kommunen tok på seg å stå for arrangement, auka utgiftene. Forthun seier at arrangementa ikkje låg inne i byrjinga.

LES OGSÅ: Reiste for 1,8 millionar

- Ting endra seg undervegs. For å ha tilstrekkeleg opplegg for 15.000 besøkande kvar dag, så måtte arrangementet bli meir omfattande. Auke i utgifter vart alltid sett i samband med auke i inntekter, legg rådmannen til.

Omfattande arrangement

Den største utgiftsposten er utan tvil eigne arrangement der overforbruk og sviktande inntekter gjev ein samla budsjettsprekk på 4,4 millionar kroner. Posten dekkjer alle skipsparty for næringslivskundar og all serveringsaktivitet retta mot publikum og kulturarrangement i høve artistar og kostnadar med det. Forthun seier at behovet for å spreie gjestene frå nord til sør i Måløy, gav meir omfattande arrangement og ekstra kostnadar.

- At vi måtte leige inn personell til matlaging og servering, som i utgangspunktet ikkje var lagt inn, er ein reell faktor for overskridinga. Dette åleine utgjer 500.000 kroner, samstundes som vi også betalte lag og organisasjonar 500.000 kroner for dugnad, seier Raknes Forthun.

- Kan ikkje forklare

Heller ikkje budsjettet for kulturarrangement viste seg å halde. Posten inneheld ikkje den mykje omtala Status Quo-konserten , men auka frå 1,250 millionar i 2004 til 2,350 millionar då budsjettet vart oppdatert i 2007. Det førebelse rekneskapen viser 3,8 millionar kroner.

- Posten omfattar alt som har med artistar, scene og lys. Posten har eg ikkje fått godt nok gjennom, så eg kan ikkje på ståande fot forklare overforbruket, seier Raknes Forthun.

Dyr buss- og båtrute

Posten for logistikk og parkering auka frå 537.500 kroner i 2004 til ein million då budsjettet vart oppdatert tidleg i 2008. Arrangørane brukte over tre gonger så mykje - sjølv om ein kutta bussrutene til Eid og Selje. Med venta 15.000 besøkande, frykta arrangørane trafikkaos og sette difor inn buss- og båtruter mellom Måløy og parkeringsplassen på Trollebø.

- Det opprinnelege opplegget ville ikkje takle den faktiske publikumstilstrauminga som var venta. Men opplegget vart for omfattande i høve publikum som kom. Av tre millionar gjekk to millionar til buss- og knapt millionen til båtar, fortel rådmannen.

Minus på overnatting

På grunn av mindre publikum enn venta, tapte arrangørane 300.000 kroner i overnatting. Dette var ein post som først dukka opp i førebels rekneskap. Rådmannen seier at dette ikkje var noko forgløymelse.

- Vi sleit i byrjinga med å få nok overnattingsplassar til sponsorar. Vi hadde heller ikkje nok hotellskip til det som var venta. Opprinneleg var det tenkt å fakturere sponsorane direkte utan at dette gjekk inn i rekneskapen vår. Dette vart endra på tampen, seier han.

Utgifter:

Utgifter "pålagde"

 

Opprinneleg budsjett 2004

Oppdatert budsjett 2008

Foreløpig rekneskap

Sum

8.720.000

10.532.700

11.390.000

STI

1.000.000

880.000

880.000

STI overnatting

100.000

100.000

100.000

Lønn

1.300.000

1.300.000

1.450.000

Trykksaker/annonser

900.000

1.650.000

2.050.000

Reise/promotering

1.700.000

1.700.000

1.850.000

Kommunemøter

 

20.000

20.000

Leiarseminar

 

50.000

50.000

Forsikring

70.000

70.000

70.000

Diverse

400.000

400.000

400.000

Officers dinner

200.000

200.000

200.000

Captains dinner

400.000

400.000

600.000

Gaver/premier

200.000

300.000

300.000

Taubåt

150.000

150.000

85.000

Sanitet/førstehjelp

100.000

150.000

150.000

Teknisk infrastruktur

800.000

1.042.700

1.040.000

T-skjorter sponsor

 

150.000

150.000

Liason

500.000

400.000

400.000

Politi

50.000

400.000

375.000

Media/presse

150.000

170.000

170.000

Medseglarar

250.000

450.000

500.000

Crew activity

50.000

300.000

300.000

Crew party

400.000

200.000

200.000

Samband

 

50.000

50.000

Ekspander/minimer faktaboks

Andre utgifter

 

Opprinneleg budsjett 2004

Oppdatert budsjett 2008

Førebels rekneskap

Sum

1.400.000

2.565.000

4.015.000

Skule/barnehage

150.000

215.000

215.000

Tall Ships Races stafetten

 

 

 

Kulturarrangement

1.250.000

2.350.000

3.800.000

Inntektsbringande utgifter

 

Opprinneleg budsjett 2004

Oppdatert budsjett 2008

Førebels rekneskap

Total sum utgifter

11.257.500

20.732.200

31.110.000

Eigne arrangement

500.000

3.297.000

6.200.000

Overnatting

 

 

1.700.000

Status Quo konsert

 

1.550.000

2.050.000

Effekter

 

150.000

650.000

Programhefter

 

54.000

75.000

Tivoli/stand

 

123.500

50.000

CD

 

300.000

400.000

Religiøse arrangement

100.000

140.000

150.000

Logistikk parkering

537.500

1.020.000

3.300.000

Sponsor Sogndal

 

 

130.000

Nedtelling

 

1.000.000

1.000.000

Sum

1.137.500

7.634.500

15.705.000

 

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

Inntekter:

Inntekter

 

Opprinneleg budsjett 2004

Oppdatert budsjett 2008

Førebels rekneskap

Sum

10.700.000

9.130.000

8.225.000

SFFK

2.500.000

1.500.000

1.500.000

VK

1.000.000

1.000.000

500.000

Visjon Vest

 

350.000

 

Innovasjon Norge

2.000.000

1.400.000

1.400.000

Sponsor beløp

5.200.000

4.130.000

4.130.000

Sponsor tjenester

 

750.000

695.000

Medseglarar

 

Opprinneleg budsjett 2004

Oppdatert budsjett 2008

Førebels rekneskap

Medseglarar

 

 

300.000

Inntekter

 

Opprinneleg budsjett 2004

Oppdatert budsjett 2008

Førebels rekneskap

Total Sum inntekter

11.850.000

21.127.000

18.225.000

Eigne arrangement

400.000

5.500.000

4.100.000

Overnatting

 

 

1.400.000

Status Quo konsert

 

2.000.000

700.000

Effekter

550.000

500.000

1.000.000

Programhefter

 

150.000

50.000

Tivoli/stand

200.000

297.000

80.000

CD

 

250.000

100.000

Religiøse arr.

 

100.000

140.000

Logistikk parkering

 

2.500.000

1.300.000

Sponsor Sogndal

 

 

130.000

Nedtelling

 

700.000

700.000

Sum

1.150.000

11.997.000

9.700.000

 

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks