Hopp til innhold

Kripos har starta arbeidet i Eid

Like før klokka 16 kom tre etterforskarar frå Kripos til Torheim i Eid.

Kripos på Torheim i Eid.

To av etterforskarane i Kripos.

Foto: MMS- Trude Bakke / NRK

Etteforskarane gjekk straks i gang med å samle spor på åstaden.

- Dei vil undersøke åstaden utover kvelden. Det er allereie byrja å bli mørkt og dei blir ikkje ferdige i dag. Difor vil dei også halde fram undersøkingane i morgon, seier Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Obduksjon i morgon

Broberg kan ikkje seie kva svar politiet sitt etteforskingsarbeid har gjeve utover onsdagen. Det var seint tysdag kveld at politiet vart kjende med at ei kvinne og ein mann var funnen døde på Torheim i Eid .

- Vi er inne i ein fase der vi gjer taktiske undersøkingar andre stadar, avhøyr og teknisk undersøking av åstad. Det blir også gjort obduksjon av dei døde. Truleg seint i morgon eller fredag. Så må vi sjå opplysningane i samanheng, seier han.

Video nsps_upload_2008_12_3_15_49_11_2592.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Avslutta forhold

Dette er den femte drapssaka i Sogn og Fjordane sidan 2000. Politiet meiner at hendinga er eit drap og sjølvdrap.

- Det er ingenting som seier at vi ser etter ein tredje person i saka, seier Broberg.

Den eine døde, ei kvinne på 44 år, budde i bustaden på Torheim saman med dei fire borna sine. Den andre er ein 57 år gamal mann med tilknytning til Eid kommune. Han etterlet seg tre vaksne born. Dei to skal for ei tid attende ha avslutta eit forhold. Familien til dei to fekk umiddelbart krisehjelp etter at dei to vart funne omkomne i natt.