Baksmellbygda Solund

Ingen må betale meir restskatt enn innbyggjarane i Solund. 70 skattebetalarar må betale i gjennomsnitt 35.700 kroner i restskatt.
Publisert 22.06.2006 09:59.
- Skriv ut
- Dette er unormalt mykje. Summen er kjempehøg, seier likningssjef Arne Johansen til n24.no.
Av dei 468 skattebetalarane i kommunen i fjor, må altså 70 betale restskatt. Tilsaman må dei ut med 2,5 millionar kroner. Dette plasserer Solund i landstoppen framfor Flå i Hallingdal der snittet per skattebetalar var 20.200 kroner i restskatt.
Mange fiskarar
Johansen trur fiske kan vere ei forklaring på den store baksmellen.
- Vi har ein del lottfiskarar, og då vil inntektene variere ganske mykje frå år til år. Det krev at skattebetalarane følgjer meir med enn du og eg gjer som har vår faste løn.
Likningssjefen peikar også på at dei store utslaga kan skuldast ein enkelt eller fleire skattebetalarar med høge gevinstar som skal skattleggjast.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket