Hopp til innhold

- Eit trasig resultat

- Dette er eit trasig resultat, seier ordførar Roger B. Silden i Vågsøy etter at det vart klart at underskotet på Tall Ships Races vart 13 millionar kroner.

Kveldssteming under Tall Ships Races i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

- Eg skulle sjølvagt ha ynskt at det ikkje var slik, men dette er tallenes tale, vi må ta det som det er.

- Bomma kraftig på publikum

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.
Foto: NRK

- Kva tenkjer du på den jobben du sjølv har gjort som den øvste ansvarlege for arrangementet?

- Nei, vi må sjå på om vi har vore gode nok. Vi har bomma på ein del ting, mellom anna har vi bomma kraftig på det å få publikum til arrangementet. Vi har ikkje vore gode nok på å selje arrangementet.

- Har de vore edruelege når det har budsjettert med tre gonger fleire enn det som verkeleg kom?

- Slo av, bomma likevel

- Når vi ser på grunnlaget for å dimensjonere besøkstalet så tok vi utgangspunkt i Ålesund, Stavanger og Fredrikstad. Ålesund hadde 350.000 besøkande, og vi sa at vi i Måløy skulle greie 60.000. Så reduserte vi faktisk det med 40 prosent, og likevel bomma vi. Det er eit faktum.

- Det var konsert med Status Quo, det var skipsparty på Seljeøya med helikoptertransport, det var snakk om 20-30 helikopterturar, det er kjøpt inn kjøkkenutstyr for fleire millionar kroner. Kva tenkjer du no når dette går rett på kommunekassa?

Angrar på Status Quo

- Eg må seie at når eg ser rekninga frå konserten så skulle eg ynskje at vi valde den bort. Når det gjeld skipspartyet på Seljeøya så har helikopterturane vore gratis for arrangementet, for dei var sponsa. Det same var fyrverkeriet.

Skandale?

- Enkelte vil kalle dette ein skandale.....

- Ja, då eg fekk resultatet var faktisk det første som slo meg at dette var ei utruleg dårleg sak.

- Var arrangementet verd dette?

- Forferdeleg synd

Fyrverkeri Tall Ships Races Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

- Heilt til for ei veke sidan har eg opplevd arrangementet som ei fantastisk sak for kommunen, vi har hatt ein gjeng som har stått på og gjennomført eit flott arrangement, men når vi får eit slikt resultat er det det som står att i ettertid og gjer det som var så positivt til noko negativt. Det er forferdeleg synd.