Godtok Astrup-planar

Fylkesutvalet går inn for planane om rasvoll ved det omstridde Astruptunet i Jølster. Det planlagde besøkssenteret til 67 millionar kroner er med dette eitt steg nærare å bli realisert.
Publisert 26.11.2008 14:28.
- Kommentarer
- Skriv ut
Berre SV gjekk mot planane om rasvoll.
Dermed støttar ikkje fylkespolitikarane fylkesrådmannen sitt råd om å reise motsegn mot planane. Han meiner ein rasvoll vil få store negative konsekvensar for kulturlandskapet.
Les også: D-dag for Astrupsenteret
Men fleirtalet meiner altså ikkje at ei rassikring vil gje store skadar.
Også Fylkesdirektøren for kultur, Ingebjørg Erikstad, har tidlegare gått ut mot planane. Alt under synfaringa onsdag morgon var det langt på veg klart at Erikstad ville bli overprøvd.
Erikstad sjølv var temmeleg ordknapp då vi bad om hennar syn på at politikarane ville overprøve tilrådinga hennar.
Jølster-rådmann Jostein By la under orienteringa si mellom anna vekt på at den planlagde rassikringsvollen ikkje vil blir særleg synleg frå Astruptunet.
Saka går no til Riksantikvaren. Det betyr at det kan bli mekling mellom Jølster kommune og Riksantikvaren.
Les også: Kulturen vil ha Astrup til Ålhus

















Sol og sommar i fylket