Hopp til innhold

Nektar å fjerne rap-tekst

"I'm a playa and you're a dirty hoe" fall ikkje i smak hjå politiet.

Michael Kildal

- Politiet ringte meg tidlegare i veka og sa at eg måtte fjerne teksten "I'm a playa and you're a dirty hoe" frå nettet. Då svarte eg "kanskje", seier 18 år gamle Michael Kildal, alias "Xzywer" til avisa Firda.

Teksten skal innehalde grove personkarakteristikkar og sjølv om ingen namn er nemnde, har ei jente kjent seg truffen.

- Forstår ikkje

Fleire familiemedlemmer av jenta har ring til Kildal og bedt han fjerne teksten, men korkje dei eller etter kvart politiet fekk han på andre tankar. Snarare tvert i mot.
I staden publiserte han heile låten.

- Eg kan ikkje forstå at ho kan meine at teksten er krenkande. Eg innrømmer at eg omtalar kvinner generelt litt negativt, men fansen min likar det, seier Kildal til Firda.

Å fjerne teksten og musikken seier han er uaktuelt.

- Det kjem ikkje på tale. Eg lever for musikken. Eg er musikar. Om låta mi handlar om bestemte personar eller ikkje betyr ingenting. Eg bryr meg ikkje.