Hopp til innhold

Får 1600 kr i bot etter råkøyring

Både sjåføren til Liv Signe Navarsete og ein journalist frå Nationen får 1600 kroner i bot etter at dei køyrde for fort til ei vegopning i Lærdal.

Liv Signe Navarsete og Dag H. Nestegard

Dag H. Nestegard får bot for å ha køyrt for fort då han køyrde samferdsleminister Liv Signe Navarsete til vegopning i Lærdal i september.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Journalistane i avisa laga sjølv sak på at bilen til samferdsleministeren køyrde i 110 km/t i 80-sona . Navarsete skulle opne nyanlegget på E16 mellom Voldum og Borlaug i Lærdal då "råkøyringa" fann stad.

- På bakgrunn av avhøyr med involverte partar har vi funne grunn til å skrive ut to førelegg som tilsvarar 90 km/t i 80-sona. Det tilsvarar 1.600 kroner, opplyser politifullmektig Tor Teige ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

På bakgrunn av avhøyr

Teige opplyser at det er ei samla vurdering av avhøyra som no resulterer i førelegga. Både Navarsete, sjåføren hennar, seniorrådgjevar i Samferdsledepartementet, Dag H. Nestegard, og dei to journalistane frå Nationen har vore i avhøyr . Teige vil ikkje kommentere om sjåførane har erkjent å ha brote fartsgrensa.

- Eg kan ikkje gå i detalj på kva dei har sagt i avhøyr, men førelegga er skrivne ut på bakgrunn av forklaringane, seier han.

Vekte oppsikt

Det vekte stor oppsikt då det vart kjent at bilen til samferdsleministeren hadde køyrt for fort. Nestegard la seg flat for råkøyringa , medan Navarsete sjølv hevda at ho ikkje visste om at bilen køyrde for fort.

Politisk kommentator i BT meinte at køyreturen ikkje var noko sak , medan Frp drog parallell til episoden då dei spurte Navarsete om fartsgrenser på enkelte vegstrekker. Nationen har sagt at dei betalar ei eventuell fartsbot som journalistane får.

Vil betale bota

- Så langt eg kjenner til, så har dei ikkje vedteke bøtene. Men dei har fått den presentert for seg, seier Teige. Dersom bøtene ikkje blir vedtekne, endar "råkøyringa" i rettsalen.

Nestegard seier til NRK Sogn og Fjordane at han førebels ikkje har teke stilling til om han vil vedta bota. Nationens sjefredaktør, Mari Velsand, seier til nationen.no at dei tek bota til etteretning og vil betale bota.