Hopp til innhold

Konsert i tunnel frå 2. verdskrig

Alle kommunane i Nordfjord arrangerte fredag 14. November kulturnatt. I Selje duka dei mellom anna til ein konsert i ein tunnel som tyskarane lagde til på Hovden under andre verdskrig.

Tunnelkonsert i Ervik
Foto: Bård Fløde

Trass dårleg vêr gjekk publikum opp til tunnelen med faklar, hovudlykter og lommelykter, står det å lese på Selje kommune sine nettsider .

Godt inne i ein triveleg opplyst tunnel med fakkelboksar og smålys i veggane, fekk dei frammøtte ei musikalsk oppleving krydra med litt krigshistorie ved Bjørn Jensen.

Ellen Prestvik

Ellen Prestvik speler piano

Foto: Bård Fløde

Mykje krigshistorie i Selje

Tunnelen vart laga av tyskarane under krigen , og mellom anna brukt som ammunisjonslager. Jensen fortalde mellom anna om dei russiske krigsfangane i Ervik .

Har pussa opp tunnelen

Bygdefolket har dei siste åra jobba med å pusse opp tunnelen og området rundt. I sommar vart vegen fram skikkeleg grusa. Går ein gjennom tunnelen kjem ein til eit utsiktspunkt. Ein sidetunnel leier ut til ei vakthytte som vert brukt til ulike arrangement.

Tunnelen har vore brukt som konsertlokale ein gong før, for eit års tid sidan.

Arrangement i heile Nordfjord

Alle kommunane i Nordfjord hadde kulturarrangement denne kvelden, med musikk, song, litteratur, konkurransar, idrett, kunst, konsertar, dans, utstillingar og aktivitetar.

I Vågsøy var det mellom anna dans og matkultur frå Thailand, og i Gloppen var både korps- kyrkjekonsert og Quiz på programmet. På Eid er det Beatles show om laurdagen.