Hopp til innhold

Høgre nektar å prioritere

Høgre må tore å prioritere mellom Olden - Innvik og ein kystveg, meiner Arbeidarpartiet.

Bjørn Lødemel

Høgreleiar Bjørn Lødemel nektar å prioritere mellom vegane Olden - Innvik og kystvegen Måløy - Florø.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Høgre har i det siste kome med fleire løfte kring vegar her i fylket og elles i landet.

Mellom anna lovar partiet 200 millionar meir til kystvegen mellom Florø og Måløy og ei auke i vegløyvingane på landsbasis på ein milliard kroner utover det den raud-grøne regjeringa vil ha i statsbudsjettet.

Slepp å ta ansvar

Men sjølv om høgreleiar Bjørn Lødemel lovar pengar til vegen mellom Florø og Måløy nektar han å klargjere om Olden - Innvik bør byggast før denne.

- Det er jo klart at det er mykje enklare å seie at ein berre skal kome opp med løyvingar utan at ein eigentleg er i posisjon til det, og så sleppe å seie at ein vil prioritere noko som helst, seier Åshild Kjelsnes som sit i samferdsleutvalet for Ap.

Ho meiner vegløfta til Høgre ber preg av at dei slepp å ta ansvar.

- Frå vår si side har vi sagt veldig klart at prioriteringane står fast. Vi må kunne vere til å stole på, og ikkje vingle frå det eine til det andre. Så jobbar vi kontinuerleg for å prøve å få løyst Svelgen - Grov på andre måtar, seier Kjelsnes.

Lødemel meiner derimot at Høgre er mest på offensiven når det gjeld veg.

Vil ikkje prioritere

Han meiner dei ekstra midlane er særs viktige, men han nektar framleis å prioritere mellom dei to vegane.

- Eg tykkjer det er ein merkeleg argumentasjon. Vi går ikkje inn å omprioriterer i forhold til dei prioriteringane som er gjort. Dette er friske midlar som skal kome. Det er snakk om å støtte opp om gode og nyskapande løysingar for å få på plass meir vegbygging, hevdar Lødemel.

Så du garanterar at Olden-Innvik vert bygd, og at det ikkje går utover kystvegen?

- Dette med fyrst og sist er ikkje nokon diskusjon no, seier Lødemel.