Hopp til innhold

- Trår til med ny romjulsfilm

Filmprodusentane i Bremanger trår til med ny romjulsproduksjon. Budsjettet

Budsjette på 5.000 kroner i fjor, er auka til 75.000 kroner i år. I år går innspelinga med dei kjende norske skodespelarane Jenny Skavlan og Roger Hilleren i hovudrollene .

- Det er kjekt å tenke større for kvar gang. Eg ynskte profesjonelle skodespelarar og var i kontakt med fleire, seier Vatsø.

Meir kvalitet

I motsetnad til i fjor har filmskaparane vore ute i god tid med manuset til årets romjulsprosjekt. I fjor vart det heile stabla på beina i løpet av få veker . Filmen blir spelt inn frå 27. til 29. desember.

- Eg må vere så ærleg å innrømme at det ikkje var veldig mykje handling i "Operasjon Kvit Snø", men teknisk sett var det ein kjempefilm. Med så flinke folk trur eg også at det blir meir kvalitet på filmen, seier han.

Skal på turné

- Men det er klart at det kostar. Førebels er budsjettet på 75.000 kroner. Det er stor skilnad i høve filmen i fjor. Vi har sponsorar som støttar opp og ein del oppspart eigenkapital. Dessutan satsar vi på inntekter i form av visning. Vi tenkjer premier ein gang i februar/mars, seier Vatsø.

Med profilerte skodespelarar som Hilleren og Skavlan, meiner Vatsø at det bør vere mogleg med visning i Førde, Sogndal og Florø.

Gode tilbakemeldingar

"Operasjon Kvit Snø" vart ein gedigen suksess lokalt i Bremanger. Til saman 350 personar såg filmen der mellom anna ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, deltok. Også i år står Daniel Volle for regien.

- Vi ynskjer å få til noko som utmerkar seg nasjonalt. Både nasjonale og utanlandske filmskaparar gav oss gode tilbakemeldingar på "Operasjon Kvit Snø". Slike kortfilmar er gode å ha om ein ved seinare høve skal søke filmfondet om midlar til langfilmar. Dersom det held fram slik, så er det ikkje uoverkommeleg å prøve seg på ein langfilm, seier Vatsø.

Må gå steg for steg

Vatsø starta i 2006 opp selskapet Firework Film. Selskapet tilbyr komplette løysingar innan reklame, film og/eller foto. Dei siste åra har vore ein stor opptur for dei unge filmskaparane i Firework.

- Vi kunne laga ein film som sist, men det er viktig for oss å gå eit steg i rett retning med betre film og større budsjett. Har du bestemt deg for noko, så må du aldri gje deg, avsluttar Vatsø.