Hopp til innhold

Torsheim utnemnd til æresborgar

Oddvar Torsheim gjekk rett frå opninga av Nynorsken Skog, til podiet og utnemninga Æresborgar av Førde by.

Oddvar Torsheim og Stig Eikås.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var ordførar i Førde, Nils Gjerland, som stod for overrekkinga under markeringa i Førdehuset.

- Tenk at eg skulle få oppleve dette, var multikunstnaren, og 70-åringen, sin spontane reaksjon.

Opna Nynorsken Skog

Like før markeringa i Førdehuset, vart Nynorsken Skog offisielt opna på Tangen.

- I dag er Førde i Torsheim sitt teikn, sa ordføraren då han erklæra skogen for offisielt opna. Eit stort oppbod med menneske møtte for å få med seg hendinga.

Nøgd jubilant

Skogen vart opna til ære for multikunstnaren, og moromannen, Oddvar Torsheim som fyller 70 år i år . Jubilanten skuffa ikkje og gav dei frammøtte låta "Nynorsken Skog".

- Det var veldig bra. Var det ikkje? Men er det ikkje rart at folk held ut med dette, gliste Torsheim etter at den 20 minuttar lange markeringa var over.

- Mindre bein enn Madonna

Nils Gjerland avduka både Stig Eikås sine "mini-torsheimar" og avtrykket i rein Hollywood-stil.

- Han har avtrykk som ein unge, sa Eikås som markerte hendinga med ein av sine fire årlege Havanna-sigarar.

- Eg har funne ut at eg har mindre bein enn Madonna, repliserte Torsheim.

Jubilanten vert fredag feira med fest i Førde, medan Naustdal står for tur på laurdag.